Masfjorden kommune har ledig stilling som fastlege med fastløn. Me søkjer etter spesialist i allmennmedisin, men kan også tilby god tilrettelegging dersom du ikkje er ferdig spesialist og ynskjer  spesialisering.

Stillinga er knytt til Masfjorden legekontor. Kontoret har 3 fastlegeheimlar og ein LIS1-stilling.
Alle fastlegane er fastløna. Legekontoret ligg i nye Fensfjordbygg på Hosteland, og er bemanna med helsesekretær,bioingeniør og sjukepleiarar. Me nyttar for tida journalsystemet Infodoc.

- Fastlegelista er i dag ca. 600.
- Det er allmennmedisinske offentlege oppgåver lagt til stillinga, for tida helsestasjonsteneste.
- Fastlege deltek i Nordhordland legevakt (NLV) med 2-3 vakter i månaden. NLV er interkommunal legevakt for 6 kommunar i Nordhordland, stasjonert i Helsehuset i Knarvik. 
 
Me tilbyr
- fastløn inntil kr. 1.200.000,- pr. år etter kompetanse og erfaring. For særleg kvalifisert søkjar kan det gjerast individuelle avtalar.
- kontoret er registrert utdanningsverksemd i allmennmedisin. Rettleiing og supervisjon vil skje ved Masfjorden legekontor.
- refusjon av kursutgifter som ikkje blir dekka av utdanningsfond II, og løn under fråvær for obligatorisk utdanning (td kurs og rettleiingsgruppe).
- høgt fagleg nivå i våre tenester og eit kreativt og utviklande fagmiljø
- erfarne og løysingsorienterte kollegaer
- eit arbeidsfelleskap med ein lett og god tone
- samlokalisering i nytt kontorfellesskap, og tett samarbeid med andre kommunale helsetenester
- pensjonsordning i KLP
- hjelp til å skaffe bustad
- barnehageplass
  
Kvalifikasjonskrav
- offentleg godkjend lege med norsk autorisasjon
- akuttmedisinsk kompetanse for legevakt (Nordhordland legevakt gjennomfører kurs)
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Har du anna morsmål enn norsk er kravet B2
- førarkort klasse B, og disponere eigen bil
- godkjend politiattest, jfr helsepersonellova, før tiltreding i stillinga
- personlege eigenskapar vert vektlagt.
 
Personlege eigenskapar
- evne til å arbeide sjølvstendig
- gode evner til samarbeid med kollegaer, hjelpepersonell, pasientar og pårørande
- gode evner til kommunikasjon
- fleksibel og løysingsorientert
- kunne bidra til eit godt miljø - både fagleg og sosialt
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Masfjorden kommune
Kontaktpersoner
Navn: Rolf Martin Tande
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 90923923
Navn: Oddvin Neset
Tittel: Helse- og omsorgsleiar
Telefon: 90609941
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Masfjorden legekontor
Fensfjordvegen 615
5986 HOSTELAND
Søk på stillingen