Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Ved ortopedisk seksjon, Haugesund sjukehus, lyser vi no etter lege som ønskjer å spesialisera seg innan ortopedi.
Vi lyser ut vikariat fra den 15.09.22 med 6 måneders varighet med mulighet for forlengelse.
Stillinga legg opp til eit utdanningsløp som leiar fram til spesialiteten ortopedisk kirurgi, med hovuddelen av LiS3 utdanninga ved Haugesund sjukehus og tilleggsutdanning i Helse Bergen/Helse Stavanger.
Stillinga er ein LiS3 stilling og føreset at LiS1 teneste er ferdig gjennomført.
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i avdelinga si drift
- Visittgang
- Skadepoliklinikk og operasjonsassistanse
- 7 delt LiS3 vakt bak LiS1
- Deltaking i fagleg undervisning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege er ein føresetnad
- Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå ortopedisk kirurgi eller spesielt interesse for faget
- Må kunne norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonseevner med pasienter og kollegaer
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Gode evner til samarbeid
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Utdanningsretning
Utdanningsnivå