Kort om arbeidsgiver

Haukeland universitetssjukehus er regionalt traumesenter i Helse Vest. Traumesenteret mottar kring 700 traumepasientar årleg, der omkring 2000 av dei blir rekna som alvorleg eller livstruande skadd.

Traumesenteret er ein organisatorisk eining i Kirurgisk klinikk og skal sørgje for god kontinuitet og tverrfagleg oppfølging i handtering av traumepasientane. Traumemanualen vår på www.traumehus.no omfattar alle rutinar som gjeld traumepasientane. Klinisk arbeid inkluderer traumemottak med vurdering av skadde pasientar, eventuelle prosedyrar og hemostatisk kirurg, traumevisitt på intensiv- og overvakingseiningane, samt visitt på sengepostane. Legar og sjukepleiarar ved Traumesenteret underviser i traumatologi gjennom kurs i traumesjukepleie, teamtrening og hemostatisk nødkirurgi. Vi driv óg mykje undervising på høgskular (Bachelor i sjukepleie, spesialsjukepleie), av legestudentar, internt på andre avdelingar på sjukehuset, og på andre sjukehus i Helse Vest.

Traumesenteret har ansvar for rapportering til Nasjonalt traumeregister (NTR) og legane må kunne støtte registrarene i å tolke anatomisk omfang av ulike skadetypar. Legane ved Traumesenteret blir oppmoda om å forske på registeret som omfattar over 7000 pasientar. Du må kunne rettleie legestudentar som skriv fordypningsoppgåve innan traumatologi.  


Traumesenteret søkjer 2 LIS i kirurgi i 50 % fast stilling på dagtid, samt deltaking i traume forvakt. Stillingene er regionale rotasjonsstillinger, slik at LIS fra andre sjukehus i regionen vil verte prioritert.
Traumeforvaktene har planlagt oppstart 1. oktober 2022 og vil vere organisert i eit 10-delt vaktsjikt, der LIS i rotasjonsstillingene i perioder vil vere i eigen avdeling på eige sjukehus, medan i andre perioder arbeider ved Traumesenteret i Bergen. Traume forvakt vil ha funksjon som teamleiar for traumeteamet.
Stillingsprosenten kan justerast etter behov, og fram til 1.9.2023 kan ei av stillingene auke med 50 % i eit tidsbegrensa vikariat, slik at stillingsprosenten totalt er 100 % i denne perioden.

Arbeidsoppgåver

Traume forvakt

Traumesenteret har ansvar for utvikling og vedlikehald av sjukehuset sine system for koordinert innsats for hardt skadde pasientar. I tillegg til oppfølgjing på dagvakt av inneliggjande traumepasientar, inneber stillinga óg eit tverrfagleg samarbeid i undervisning av helsepersonell og utvikling av det lokale, regionale og nasjonale traumesystemet. Som traumeforvakt er du fyrste kontaktpunkt for traumefaglege spørsmål kring overføring og behandling av pasientar ved HUS og ved dei andre sjukehusa i regionen. Ved beredskap vil traumeforvakta inngå som ein viktig del av pasientmottaket ved HUS. 

Kvalifikasjonar

  • LIS i kirurgisk fagfelt (Thorax/Kar/Gastro/Ortopedi/Generell kirurgi/Uro/Mamma-Endokrin/Barn/ØNH)
  • Manglande spesialistgodkjenning kan kompenserast med lang erfaring som traumeteamleiar
  • Dstc kurs/Kurs i hemostatisk nødkirurgi, Atls kurs, Best teamtreningskurs
  • Klinisk erfaring som teamleiar for traumeteam
  • Minimum 4 år kirurgisk erfaring
  • Norsk autorisasjon 
  • Traumesenteret vil kunne bidra med at den tilsette får nødvendige kurs etter tilsetjing, før oppstart i vakt

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Eit brennande ønskje om alltid å lære meir
  • Interesse for fagområdet multitraume
  • Evne til sjølvstendig og strukturert å arbeide mot eit mål og gjennomføre
  • Forståing av kvifor samarbeid med alle faggrupper er viktig for god pasientbehandling
  • Innsikt i betydinga systemutvikling og -forbetring har for den einskilde pasient
  • Engasjement for å drive undervising, med evne til å formidle komplekse tema på ein forståeleg måte
  • God fagleg vurderingsevne

Vi tilbyr

  • Ein inkluderande jobbfamilie som heiar på deg kvar dag!
  • Svært stor grad av sjølvstende
  • Eit tverrfagleg miljø der diskusjonar på høgt nivå med stor fagleg breidde lærer deg noko nytt kvar dag
  • Eit arbeidsmiljø der vi gler oss til at du lærer oss noko nytt kvar dag, og du får bidra til fellesskapet
  • Stort fokus på kontinuerleg teknisk, fagleg og personleg utvikling, samt arbeid med systemretta kvalitetsforbetring
    • Hospitering ved høg-volum traumesenter (Pretoria eller London)
  • Avsatt tid til forsking
  • Lønn etter overeinskomst/avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Mangfoldserklæring
Vi ønskjer å spegle mangfoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Thomas Geisner
Tittel: Leiar
Telefon: 55974098 / 95217532
E-post: thomas.geisner@helse-bergen.no
Navn: Kurt Andersen
Tittel: Reg. Traumekooridinator
Telefon: 55973338 / 47290299
E-post: kurt.borslid.andersen@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Traumesenteret
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen