Heimel med listetak 1500, omgjort til to heimlar med listetak à 750 pasientar, for tida ledige ved Bylegane legesenter. Romslege lokaler , dyktig hjelpeprsonell, Infodoc journalsystem, lokalisert i hjartet av Haugesund sentrum.  Senteret har mykje erfaring i å rettleia siste års medisinstudentar  frå  universitetet i Bergen.  Heimlane er i utgangspunktet knytta til næringsdrift, men kan også omgjerast til fastløna heimlar. Det er også høve til kombinasjonsstilling  fastlege/næring og fastlønna arbeid ved legevakt, sjukeheim eller helsestasjon. Særs gode vilkår. Haugesund er regionssenter på Haugalandet med ca 37 500 innbyggjarar og næraste nabo til Nordsjøen som byr på dei vakraste solnedgongar. Det er kort veg til fjell og fonn med høve til allsidig friluftsliv til alle årstider. Haugesund byr også på eit særs mangfaldig kulturtilbod året rundt.

Me søkjer:
Lege med norsk autorisasjon, som har gjennomført LIS1 og som ynskjer å gå vidare innan allmennmedisin, har genuin interesse for menneskje, som kan kommunisere med alle på norsk, er systematisk, strukturert og har høg fagleg standart og som evnar å arbeide under tidvis høgt press. Det er krav om politiattest til stillinga.

Me kan tilby:
  • Eit arbeid der du får følgje opp pasientane over tid
  • Godt fagleg fastlegemiljø med over 30 kolleger innanfor bygrensa
  • Vakter ved ei veldreven, interkommunal legevakt med 2 legar på vakt og saman med dyktig hjelpepersonell
  • Dekning av alle obligatoriske kurs/utgifter i samband med spesialiseringa

For nærare informasjon kan du kontakte:
 
Fastlege Stein Roar Kringeland
tlf 90 75 73 11
e-post: s.r.kringeland@gmail.com
 
Helsesjef Tone B. Steinsvåg
tlf 91382501
e-post: tone.b.steinsvåg@haugesund.kommune.no
 
Søknad med CV og vedlegg merka “Bylegane” kan sendast  postmottak@haugesund.kommune.no;
Søknadane vert vurdert fortløpande.


Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Haugesund kommune
Arbeidssted
-
5527 HAUGESUND
Søk på stillingen