Kort om arbeidsgiver
Tre ledige fastlegeheimlar ledige: Heimlane er utan økonomiske hefte/listekompensasjon ledig for overdraging til ny eigar etter avtale. 
Listene vert administrert av kommunen, og der er ingen økonomisk kompensasjon knytt til tildeling av heimlane. 
Kvar liste har eit listetak på 800, dette kan aukast ved tiltreding etter ynskje frå ny heimelshavar.
Ålesund kommune er registrert som utdanningsverksemd, og vil legge til rette for spesialistutdanning for spesialisering i allmennmedisin, og tilby ALIS avtale til de som får tildelt heimelen. Legen kan sjølv velge om ein ynskjer å jobbe på fastlønn eller som sjølvstendig næringsdrivande.  
Legesenteret: Brattvåg legesenteret held til i moderne lyse lokale og har gratis parkering i parkeringshus. Kontoret er godt utstyrt, journalsystem er CGM allmenn.
Kontoret har eit godt arbeidsmiljø; Her er heimlar til 6 fastlegar og 1 LIS-1 lege og dyktige medarbeidarar som kjenner nærmiljøet godt. 

Det kan bli aktuelt med offentlege oppgåver (Helsestasjon og sykehjem), dette kan avtales ut fra legens ønske.

I Ålesund kommune kan ein lege tilpliktast offentleg arbeid på inntil 20 % stilling med minimum 6 mnd. varsel.

Til kvar av heimlane inngår deltaking i kommunal legevaktsordning ved Ålesund Interkommunale legevakt.

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege.  
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne.  
  • Personlege eigenskapar for stillinga vil bli lagt stor vekt på.
  • God kunnskap om norsk lovverk.  
  • Gode språkkunnskapar i  norsk munnleg og skriftleg.
  • Ynskjeleg med sjølvstendig vaktkompetanse.
  • Framlegging av tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.  
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Ålesund kommune
Kontaktpersoner
Navn: Lisbeth Anita Løvoll
Tittel: Assisterande Verksemsleiar
Telefon: 917 43 615
Navn: Linn Jenny Husøy Morsund
Tittel: Avdelingsleiar Indre
Telefon: 414 46 306
Arbeidssted
Brattvåg legekontor
Strandgata 40
6270 BRATTVÅG