Kort om arbeidsgiver

Bjørgvin Disktrikspsykiatriske Senter (DPS) er ein av 6 kliniske klinikkar i Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein klinikk som gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune.
Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, mens polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:

  • Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
  • Opplæring av pasientar og pårørande
  • Rettleiing til psykisk helseteneste i kommunane
  • Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Bjørgvin psykose døgnbehandling:

Er breitt tverrfagleg samansett personalgruppe med overlegar, psykologspesialist, psykolog, LIS 1, LIS 3, sosionom, sjukepleiarar og vernepleiarar og helsefagarbeidarar. I tillegg har seksjonen tilgang til tenester frå musikkterapeut, fysioterapeut, uttrykksterapeut og ernæringskonsulent. 15 sengeplassar på to tilstøtande lokalisasjonar. Seksjonen har pasientar i frivillig vern og pasientar som er underlagt tvungen psykisk helsevern med døgnopphald.

 Vi søkjer etter Seksjonsoverlege i 100 % fast stilling til arbeid i psykose døgnbehandling på Tertnes.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av tilviste pasientar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam
  • Frivillig deltakinge i vaktordning
  • Vedtaksansvar
  • Samarbeid med/ rettleiing av førstelinjetenesta
  • Klinisk rettleiing av LIS 1 og LIS 3

Kvalifikasjonar

  • Overlege spesialist i psykiatri
  • Norsk autorisasjon
  • Må meistre norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • God teamarbeidar
  • Gode samarbeidsevner
  • Fagleg engasjert

Vi tilbyr

  • Godt og engasjerande arbeidsmiljø
  • Kompetanseutvikling gjennom eksterne og interne kurs
  • Vi jobbar med å etablere rettleiingsgrupper for spesialistane
  • Lønn i henhald til gjeldande avtalar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Tone Tveit
Tittel: Medisinsk fagleg rådgivar
Telefon: 55 95 70 00
Navn: Wenny Bernes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55 95 70 00
Navn: Fredrik Hiis Bergh
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55 95 70 00 / 41 47 57 58
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Bjørgvin distriktpsykiatriske senter, Helse Bergen
Tertnesveien 37
5113 Tertnes