Kort om arbeidsgiver

Bjørgvin Diktrikspsykiatriske Senter (DPS) er ein av 6 kliniske klinikkar i Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein klinikk som gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune.
Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, mens polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er

  • Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
  • Opplæring av pasientar og pårørande
  • Rettleiing til psykisk helseteneste i kommunane
  • Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Klinikken har for tida 11 overlegar og 23 psykologspesialistar. Vi ønskjer å styrkje spesialistkompetansen ytterlegere. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for alle spesialistane. Vi ønskjer også å ha eit sterkt fokus på forsking. Det er mogleg for aktuelle kandidatar å bruke ein del av stillinga på forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er høgt prioritert.

Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team:
Er breitt tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPS konsulentar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut og erfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT teamet.

Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er underlagd tvunget psykisk helsevern utan døgnopphald og pasientar som er domfelte til tvungen psykisk helsevern.

Vi søkjer etter Seksjonsoverlege i 100 % fast stilling til arbeid i psykose poliklinikken/ FACT team på Tertnes. 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av tilviste pasientar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam
  • Frivillig deltaking i vaktordning
  • Oppfølging av pasientar på TUD
  • Samarbeid med/ rettleiing av førstelinjetenesta
  • Klinisk rettleiing av LIS 3

Kvalifikasjonar

  • Overlege spesialist i psykiatri
  • Norsk autorisasjon
  • Må meistre norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • God teamarbeidar
  • Gode samarbeidsevner
  • Fagleg engasjert

Vi tilbyr

  • Godt og engasjerande arbeidsmiljø
  • Kompetanseutvikling gjennom eksterne og interne kurs
  • Vi jobbar med å etablere rettleiingsgrupper for spesialistane
  • Lønn i henhald til gjeldande avtalar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Fredrik Hiis Bergh
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55 95 70 00/ 41 47 57 58
Navn: Tone Tveit
Tittel: Medisinsk fagleg rådgivar
Telefon: 55 95 70 00
Navn: Wenny Bernes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55 95 70 00
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Psykose poliklinikk/ FACT team
Tertnesveien 37
5113 Tertnes