Kort om arbeidsgiver
Vi søkjer lege som er spesialist med leiarerfaring og erfaring frå spesialisthelsetenesta


Om stillinga

Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland har ledig stilling som seksjonsleiar / assisterande fylkeslege for seksjon spesialisthelse. Stillinga har kontorstad i Bergen.

Avdelinga har tre seksjonar og ansvar for ei rekke forvaltningsoppgåver innan helse, omsorg, sosial og barnevern, til dømes tilsyn, behandling av klager og rettleiing. Vi har brei kontakt med nasjonale styresmakter, spesialisthelsetenester, kommunar og publikum. Fylkeslegen leier avdelinga.

Vi søkjer etter ein seksjonsleiar som har god kjennskap til helse- og omsorgstenestene. Seksjonsleiar må arbeide systematisk med tilsyn, vere løysingsorientert og ha gjennomføringsevne. Gode samarbeidsevner, evne til systematisk arbeid, fleksibilitet og omstilling vert vektlagt.

Seksjonsleiar for spesialisthelse vil ha personalansvar for høgt kvalifiserte og motiverte medarbeidarar. Du har òg ansvar for å løyse oppgåvene som ligg til seksjonen etter delegert mynde frå fylkeslegen. Du er med i leiargruppa i avdelinga og utvida leiargruppe i embetet.


Kvalifikasjonar
  • autorisasjon som lege og spesialistkompetanse
  • erfaring frå spesialisthelsetenestene
  • leiarerfaring og interesse for personaloppfølging
  • kunnskap om offentleg forvaltning og om helse- og velferdstenestene
  • analytisk tilnærming til oppdrag
  • gode formidlings- og kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg
  • gode samarbeidsevner


Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss ein seksjonsleiar som motiverer og følgjer opp medarbeidarane og brukar kompetansen i seksjonen på ein planmessig måte. Du vil leggje til rette for godt samarbeid internt i seksjonen og mellom seksjonane i avdelinga, og tek initiativ til å gjere endringar for å løyse oppdrag. Du er klar på mål og fristar for arbeidet og kan grunngje og kommunisere prioriteringar, internt og eksternt.

Som deltakar i leiargruppa i avdelinga ønskjer vi ein kollega som bidreg til godt leiarskap og god forvaltning.


Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid


Vilkår

Stillinga er lønna i stillingskode 1211 seksjonsleiar/0774 ass. fylkeslege, frå kr 920 000–1 075 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.      

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet er IA-verksemd, og vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.

Nærare opplysningar om stillinga får du av fylkeslege Sjur Lehmann, e-post: fmhosle@statsforvalteren.no, tlf. 55 57 22 18 eller mob. 45 24 58 35.
Stillingskategori
Seksjonsleder
Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Vestland
Spesialisthelse
Kontaktperson
Navn: Sjur Lehmann
Tittel: Fylkeslege/avdelingsdirektør
Telefon: 55 57 22 18/ 452 45 835
E-post: fmhosle@statsforvalteren.no
Arbeidssted
Statens Hus Bergen
Kaigaten 9
5015 BERGEN
Søk på stillingen