Kort om arbeidsgiver
Legevakta er velfungerande og for tida lokalisert i same lokale som akuttmottaket på Voss Sjukehus. Dette gir eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar.
 
Ved legevakta er det no ledige stillingar for legar:
 I turnus med fast løn - med fleksibel turnus; til dømes «Nordsjøturnus med to veker på og fire veker fri eller vanleg turnus med arbeid kvar tredje helg
 
For legar som ynskjer ledige vakter etter ynskjer og behov
 
Tiltreding etter avtale.
Lønn etter avtale
Me stiller med bustad om du har reiseveg
 
Me søkjer deg som, i tillegg til å ha naudsynt formalkompetanse for å jobbe på legevakt, er interessert i legevaktsarbeid og har lyst å jobbe saman med oss for å påverke og utforme tenesta. Du må like å jobbe i tverrfaglege team, der me
saman vert best.
 
Arbeidsoppgåver
Stillinga inneber i hovudsak diagnostikk og behandling av akutt skade og sjukdom på legevakt
Utrykking ved behov
Bidra til god samhandling mellom øvrig personell og eksterne aktørar som politi, ambulanse og AMK
 
Me søkjer
Du har norsk autorisasjon som lege med refusjonsrett
Fullført LIS1
God muntlig og skriftlig fremstillingsevne.
Oppfyller eitt av dei fem kompetansekrava (bokstav a-e) i §7 i akuttmedisinforskrifta
Erfaring frå legevakt er en fordel
Førarkort klasse B
 
Personlige eigenskaper:
Gode kommunikasjonsferdigheiter og samarbeidsevner
Fagleg engasjert, nysgjerrig og motivert for å utvikle eigen kompetanse i samsvar med avdelinga sitt behov
Fleksibel
Sjølvstendig og ansvarsbevisst
 
Personlege eigenskapar vert vektlagt
 
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
 
Me tilbyr
Heiltid- og deltidsstillingar (kveld/natt/helg) med fleksibilitet
Du vel sjølv kor mykje du vil jobba
Godt arbeidsmiljø
Varierte arbeidsoppgåver og spanande utfordringar innan allmenn og akuttmedisin
Løn etter avtale
Forutsigbar vaktplan
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
 
Me stiller bustad til disposisjon
 
 
Søknad
Det er fint om du spesifiserer i din søknad korleis du ynskjer å arbeide, eksempelvis med turnustype eller
tilkallingsvikar.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Voss herad
Legevakta
Kontaktpersoner
Navn: Ingeborg Hellesnes Uppheim
Tittel: Leiar
Telefon: 41704932
E-post: Ingeborg.H.Uppheim@voss.herad.no
Navn: Rønnaug Een
Tittel: Lege
Telefon: 56533090
E-post: Ronnaug.Een@voss.herad.no
Arbeidssted
Voss interkommunale legevakt
Sjukehusvegen 16
5704 VOSS
Søk på stillingen