Klepp kommune skal oppretta 2 nye fastlegeheimlar til nyetablert legesenter i Kleppetunet. Listene vil bli oppretta snarast, og det vil etter avtale med Klepp kommune bli gitt pr. capitatilskot for 700 listeinnbyggjarar ved oppstart. 

Kommunen vil leggja til rette for næringsdrift, men fastlønn kan diskuterast. Oppstart etter avtale. 


Arbeidsoppgåver:
  • Oppfølging av pasientar på liste
  • Kommunale oppgåver i inntil 20 % stilling kan vera aktuelt
  • Legevakt, ca. 32-delt i Klepp og ca. 60-delt i Hå på natt
  • Delta i administrative oppgåver ved felles drift av legesenteret
Kvalifikasjonskrav:
Norsk autorisasjon og refusjonsrett
LIS3 eller spesialist i allmennmedisin
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Det er krav om politiattest nyaren enn 3 mnd. 

Personlege eigenskapar:
Motivasjon for å jobbe med allmennmedisin
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Gode evner til å arbeida strukturert og sjølvstendig
Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr: 
ALIS-tilskot under spesialisering/etableringstilskot
Rettleiing under spesialisering
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Klepp kommune
Kontaktpersoner
Navn: Roman Benz
Tittel: kommuneoverlege
Telefon: 48136838
E-post: roman.benz@klepp.kommune.no
Navn: Håvard Ims
Tittel: allmennlege
Telefon: 93099114
E-post: havard.ims@klepp.kommune.no
Arbeidssted
Kleppetunet legesenter
Olav Hålandsveg 2
4351 Kleppe