Psykiater til allmennpoliklinikk, Haugaland DPS
Vi har eit spennande fagmiljø som gir gode moglegheiter for fagleg utvikling, og som verdset personlig engasjement i faget. Nå vil vi ha deg
med på laget!
Haugaland DPS styrkar det allmennpsykiatriske fagfeltet. Vi har no ledig fast stilling ved allmennpsykiatrisk poliklinikk. Vi kan
tilby varierte arbeidsoppgåver og moglegheit for fagleg vidareutvikling ut fra
interessefelt.
Haugaland DPS er ein del av Klinikk for psykisk helsevern og rus med opptakskommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Utsira, Bokn, Sveio,
Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Haugaland DPS har lokalar sentralt i
Haugesund og på Karmøy. Vi gir eit breidt behandlingstilbod som favnar
rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar,
ACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) samt ulike døgnbehandlingstilbod
innan psykisk helsevern. Allmennpoliklinikkane i Haugesund og Karmøy er samdrifta med bl.a. felles inntaksteam og internundervisning. Det er eit robust fagmiljø med
overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, legar og psykologar under
spesialisering, samt høgskuleutdanna med vidareutdanning. Poliklinikken har
spesialkompetanse innan fleire terapiretningar, bl.a. kognitiv atferdsterapi,
DBT, EFT samt flere gruppetilbod, bl.a. for sosialangst og bipolar lidelse.
Poliklinikken tilbyr korttidsterapi innan rammane for Helse og arbeid. Det ble
nylig etablert team for eMeistring som er nettbasert behandling for panikk,
sosialangst og depresjon. I år ble det inngått ein samarbeidsavtale mellom HDPS
og Klinikk for 4-dagersbehandling (B4DT) i Bergen. Vi har som mål å opprette
behandlingstilbod for panikklidelse og sosialangst med 4-dagarsformat. Ved
Haugaland DPS og i allmennpsykiatrisk poliklinikk har vi dyktige kolleger med
forskarkompetanse.
Haugesund ligg sentralt plassert på Vestlandet med kort veg til vakre naturopplevingar på havet og i fjellet. Byen har eit rikt
kulturliv med kjente festivaler som Sildajazz og filmfestivalen. Regionen er
sterk på maritim verksemd, og her finn du solide næringslivsaktørar,
gründare og store statlege instansar som Sjøfartsdirektoratet og Kystverket.
Høgskulen på Vestlandet har to campus i vårt område, Haugesund og Stord. Dei har utdanning innan helsefag, økonomi/administrasjon, HMS, ingeniør og
sjøfart. Vi har kort veg til storbyene Bergen og Stavanger og vår lokale flyplass har gode forbindelsar med daglege avgangar til inn- og utland.
Intervju kan bli gjennomført fortløpande i utlysningsperioden.
Mangfaldserklæring:
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.