Kort om arbeidsgiver

Er du revmatolog og ønsker du å komme til vakre Ålesund og Sunnmøre?

Seksjon for revmatologi og hud ved Ålesund sjukehus har ledig fast stilling for overlege innan revmatologi. Lege i spesialisering, eller fastlege som ønsker fordjupning i revmatologi, kan få tilsetting for eit år med moglegheit for forlenging.

VI har ledig stilling frå snarast eller etter avtale.

Revmatologi er eit spennende fag som kombinerer praktiske prosedyrer (m.a ultralyd av kar, nerver, ledd / leddinjeksjoner) og indremedisinsk puslespill-legging på eit komplisert immunologisk bakteppe.

Vi søker deg som som vil vere med og utvikle revmatologi-faget vidare saman med gode og engasjerte kolleger. 
Vi har fylkesdekkande funksjon og er den einaste revmatologiske avdelinga i Møre og Romsdal fylke. Vi tek oss av pasientar med artrittsjukdommar, bindevevssjukdommar og vaskulittar. Avdelinga har sengepost og poliklinikk, og har tilknytta legar, sjukepleiarar, fysioterapeut, ergoterapeut og helsesekretærar. I revmatologisk avdeling Ålesund har vi eit stort fagleg engasjement på både nasjonalt og internasjonalt nivå. Vi har i over 10 år bidrege i store multisenterstudiar, og har slik gitt pasientar moglegheita til å ta i bruk det siste av behandlingsmetodar. 

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv. Du kan og oppleve eit mangfold av fjell, fjordar og øyer som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Arbeidsoppgåver

  • Overlegar rullerer mellom sengepost og poliklinikk. 
  • Dagarbeidstid, beredskapsvakt kvardagar til kl 22 etter oppsett plan

Kvalifikasjonar

  • Godkjent spesialist innan revmatologi

Personlege eigenskapar

  • Du liker å arbeide sjølvstendig samtidig som du støtter deg til erfarne kolleger.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit særs engasjert fagmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Hallvard Fremstad
Tittel: Med. ansvarleg overlege
Telefon: 90697067
Navn: Ida Grøtta Barstad
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70105458 / 90621279
E-post: Ida.Grotta.Barstad@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Revmatologi og hud, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 ÅLESUND
Søk på stillingen