Kort om arbeidsgiver
Kort om stillinga:
Då ein av våre legar går av med pensjon sommaren 2023 har vi ledig 100% fast stilling som kommunalt løna fastlege i Alver kommune. Grunna at ein annan lege skal ha permisjon er det ledig stilling allereie frå 010922.

Om Frekhaug Legesenter
På Frekhaug legesenter er det seks fastlegeheimlar med kommunalt tilsette legar og ein LIS1 lege. Timebestilling er organisert både med «time på dagen» og vanleg venteliste. Vi brukar for tida Infodoc journalsystem i arbeidet. Vi kan leggje tilrette for kandidatar som ønskjer stilling som ALIS- lege. 

Kontoret er lokalisert på Frekhaug, er veldrive og godt innreia. Vi har parkering i gåavstand frå bygget.

På Frekhaug legesenter er det tilsett fagleg dyktig hjelpepersonell i form av både helsesekretærar og ein sjukepleiar. Den eine helsesekretæren fungerer som driftskoordinator på kontoret og har ansvar for daglege driftsoppgåver, medan ein av legane har funksjon som fagkoordinator med oppgåve å sørge for god fagleg praksis. Arbeidsdagane er travle, og god samhandling og kommunikasjon mellom legar og helsepersonell er sentralt. 

Alver kommune har organisert daglegevakt på Nordhordland legevakt (NHLV). Fastlegane på Frekhaug har ansvar for medlytt på radiosambandet, ein kan bistå vaktlege på NHLV ved samtidshending, og denne oppgåva er fordelt mellom legane etter oppsett turnus. Det er også eit godt samarbeid mellom helsestasjonen, jordmortenesta og fastlegekontoret som er lokalisert i samme bygg.

Alver kommune er godkjent utdanningsverksemd med avtale med spesialisthelsetenesta. For ALIS - lege vil det være veiledning under utdanningsforløpet.

Arbeidsoppgåver
  • Arbeid som fastlege, med ei godt ivaretatt fastlegeliste med 1000 pasientar.
  • Veildning av LIS 1 legen rullerar mellom legane,
  • Den som vert tilsett deltek i interkommunal legevakt (Nordhordland legevakt) på kveld , helg og natt. Offentleg allmennmedisinsk legearbeid kan være aktuelt i inntil 7,5 time pr veke.
Kompetansekrav
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført LIS 1 ved oppstart
  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg 
  • Vaktkompetent, eller vilje til å oppnå dette
  • Spesialist i allmennmedisin eller villig til å gjennomføre spesialistutdanning
Det er ønskjeleg at du er spesialist i allmennmedisin eller har planar om å bli det, men dette er ikkje eit krav.

Personlege eigenskaper
Vi søkjer ein lege som har gode samarbeidsevner og ein positiv innstilling. Du er løysingsorientert og kan handsame akutte situasjonar på ein god måte. Vi ser etter ein lege som kan samarbeide godt med pasientar i alle aldersgrupper. Du er motivert for å arbeid innan allmennmedisin, og ser for deg ein framtidig karriere innan dette fagfeltet. 

Vi tilbyr
  • Eit velorganisert kontor med godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Godt fagmiljø i regi av avdelingsleiar/tenesteleiar for legetenesta
  • God pensjonsordning som kommunalt tilsett
  • Løn etter avtale
Politiattest
I tråd med gjeldande lovverk vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.

Slik søker du
Trykk knappen "send søknad" på denne siden. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Alver kommune
Arbeidssted
Kvernhusmyrane 41
5914 ISDALSTØ
Søk på stillingen