Kort om arbeidsgiver

Vi søkjer ein ny entusiastisk lege som vil vere med å utvikle og forme barne- og ungdomspsykiatrien i Helse Fonna. Vi har no ledig ein nyoppretta fast LIS3 stilling med ønskje om snarleg tiltredning. Søkjaren til LIS3 stillinga skal ha gjennomført LIS1. 

BUP Haugesund søkjer nye kollegaer:  https://vimeo.com/730614692

 

BUP Haugesund gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for poliklinikken dekkjer 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal). Vi har to poliklinikkar og sengepost. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar. 

BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri og har avtale med både vaksenpsykiatri og pediatri, slik at ein kan gjennomføre heile utdanningsløpet i Haugesund.

Vi er opptatt av barn og unges helseteneste. Sjå film om prosjektet og bli litt betre kjent med oss: https://youtu.be/FKTrqoZHBxM   

Haugesund er ein mellomstor norsk by med ca 40 000 innbyggjarar. Nærregionen har rundt 180.000 innbygjarar. Haugesund ligger på vestkysten av Norge, mellom Bergen som er Norges nest største by og Stavanger. Byen har alle fasiliteter, bl.a. internasjonal lufthavn, cruisehavn og et aktivt kulturliv bl.a. fleire store årlige kulturfestivalar inkl. internasjonal filmfestival og jazzfestival. Regionen har variert natur med sandstrender, nærhet til turområder i fjellet og tilgang til fiskemuligheter i sjø. BUP Haugesund ligg sentralt plassert i Haugesund. 

Sjå film om Haugesund og vår region:  https://www.visitnorway.com/places-to-go/fjord-norway/haugesund-haugalandet/?lang=uk  

 

 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
  • Delta i vaktordning for legar.
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
  • Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.

Kvalifikasjonar

  • Søkjaren til LIS 3 stillinga skal ha gjennomført LIS1. 
  • Må ha dokumentert norsk autorisasjon
  • Må har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå BUP er ønskjeleg.

Personlege eigenskapar

  • Likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
  • Pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap.
  • Arbeide strukturert og sjølvstendig.
  • Kreativ, nytenkjande og fleksibel.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Vi tilbyr

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
  • Arbeid i tverrfaglege team.
  • Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater.
  • Heile spesialiteten kan tas ved Haugesund sjukehus.
  • Kompetanseheving og spesialiseringsløp.
  • Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
  • Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim på huset.
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst.
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Lene Elisabeth Nordtveit
Tittel: Sekretær
Telefon: 52732850
Navn: Marit Elisabeth Ness
Tittel: Funksjonsleiar/Psykologspesialist
Telefon: 95149783
E-post: marit.elisabeth.ness@helse-fonna.no
Navn: Margrethe Reigstad Aase
Tittel: Funksjonsleiar/Psykologspesialist
Telefon: 52732850
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
BUP Haugesund, Helse Fonna HF
Vinjes gate 10
5522 Haugesund
Søk på stillingen