Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Ålesund sjukehus er det største sjukehuset i Helse Møre og Romsdal og er både lokalsjukehus for Ålesund og kommunane rundt på nordre del av Sunnmøre. Gynekologisk legar høyrer til Avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering og barneavdelinga er den største i fylket og har og eigen nyføddintensiv. Du kan her lese meir om Helse Møre og Romsdal. Ålesund sjukehus ligg omkransa av vakker natur med fjord og fjell, sjå Visit Ålesund
Dette inneber at vi har dei fleste gynekologiske og obstetriske problemstillingar i vår avdeling. Dette gir lærerike og interessante arbeidsdagar. Vi har eit godt arbeidsmiljø og vi jobbar tett saman, både vi legane oss imellom og saman med anna sjukehuspersonell. Vi har 10 spesialistar og 8 LIS. Ein av overlegane og ein LIS3 har PhD og endå ein overlege har nyleg fått tildelt såkornmidlar til eit nytt prosjekt.
Føde-/barselavdelinga og sengepost med gynekologiske pasienter ligg i kvar si etasje. Gynekologiske sengar deler sengepost med nokre andre kirurgiske spesialitetar. All poliklinisk aktivitet er samla i eit felles poliklinikkareal for vår avdeling. Sjukehuset har også ein felles sentraloperasjon og ei eiga dagkirurgisk eining.
Vi søker ein overlege innan gynekologi og fødselshjelp i 100% stilling som vikar i 1 år med tilsetting snarast mogleg / etter avtale. Det kan verte høve til forlenging og intern omrokkering kan gje andre ledige stillingar.
Kvalifikasjonar
- Du må ha godkjent spesialitet innan gynekologi og fødselshjelp
- Du er STAN-sertifisert
- Du er ein erfaren operatør innen laparoskopi og uro-gynekologi
- Det er ein fordel om du er ein erfaren fødselslege
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert og jobber løysningsorientert
- Du er teamorientert og jobbar på lag
- Personlege egenskaper blir vektlagd
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår