Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Ambulante tenester akutt og ACT har ledig ei 100 % fast stilling for psykiater i Akutt heimebehandlingsteam (AHT). Stillinga er ledig frå og med 1. oktober 2022 eller etter nærmere avtale.
Seksjonen består av to team: Akutt heimebehandlingsteam (AHT) og Assertive Community Treatment (ACT). Akutt heimebehandlingsteam (AHT) er eit spesialisert team som handterer akuttpsykiatriske problemstillingar i vårt opptaksområde. Vi er lokalisert i tilknyting til Ålesund sjukehus. Teamet har godt fagleg miljø og høg fagkompetanse, og er tverrfagleg samansett med to psykiaterstillingar, psykolog, sosionom, hjelpepleiar og psykiatriske sjukepleiarar.
Vi tilbyr vurdering og heimebehandling til menneske som opplever ei psykisk krise for å unngå akuttinnlegging ved psykiatrisk avdeling. Brukarperspektivet står sterkt ved at ein behandlar pasientar heime i kjent miljø, på pasienten sine premissar. Teamet samarbeider med mellom anna kommunehelsetenesta for å få til best mogeleg resultat for den enkelte.
Den som blir tilsett må følgje vaktplan som gjeld for avdelinga.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg.
Arbeidsoppgåver
- Primært utføre akuttpsykiatriske vurderingar i tverrfagleg team
- Utgreiing og behandling av pasientar
- Tverrfagleg samarbeid internt og med våre samarbeidspartnarar i kommunane og øvrig spesialisthelseteneste
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
- Delta i fagleg utviklingsarbeid, kvalitetsarbeid og planlegging
- Delta i samarbeidsmøter med kommunane
- Vaktarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykiater
- Det å vere personleg eigna og ha gode samarbeidsevner vil bli tillagt stor vekt
- Klinisk erfaring for å møte eit breitt spekter av problemstillingar
- Du må kunne kommunisere godt på norsk både skriftleg og munnleg
- Interesse for akuttarbeid
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Engasjement
- Fagleg og personleg tryggleik
- Samarbeidsevne; du må trivast med å jobbe i team og ha evne å gjere kollegaer gode
- God struktur, fleksibilitet og evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Du må like å møte pasientar der det er behov for hjelp
- Evne til å finne løysingar i uoversiktlege situasjonar
- God arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår