Kort om arbeidsgiver
Om stillinga
100% fast stilling med tiltreding 1. september.
Listetak er per i dag 1000 pasienter.
 
Om arbeidsstaden
Voss legekontor (tidlegare Kommunelegekontoret på Voss) har i vår flytta til nye og topp moderne lokale i Knutepunktet like ved togstasjonen på Vossevangen. Til saman jobbar det 5 dyktige fastlegar der, ein LIS1 lege, tre sjukepleiarar og ein sekretær. Kontoret nyttar InfoDoc journalsystem.
 
Til saman har Voss herad per i dag 19 fastlegeheimlar og 2 LIS1-stillingar. Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet (Voss IKL). Legevakta er velfungerande og for tida lokalisert i same lokale som akuttmottaket på Voss Sjukehus. Dette gir eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar.
Vaktbelastning er ca. 3 - 4 vakter i månaden.
 
Arbeidsoppgåver
Kurativ legeteneste ved Voss legekontor. Ved gjenopning av utekontoret i Granvin kan deltaking i rotasjon hit verte aktuelt.
Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
Kommunalt helsearbeid som arbeid ved sjukeheimar, helsestasjonen og/eller i skolehelsetenesta må i nokon grad påreknast.
Løypande oppgåve knytt til kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid.
Inntil ein dag i veka med deltaking i daglegevaktordning lokalt for Voss herad i tillegg til ordinære vakter ved Voss IKL.
 
Me søkjer etter kollega som har
- Norsk autorisasjon som lege
- Er spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering til dette
- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Innehar førarkort klasse B
 
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt. Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i heimelen.
 
Me tilbyr
- listetak p.t. på 1000 pasientar, men vil kunne bli justert ned ved deltaking i andre kommunale oppgåver
- gode vilkår for fagleg utvikling og rettleiing
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- fastløn etter kommunalt avtaleverk
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Voss herad
Kontaktpersoner
Navn: Eystein Hauge
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 95261271
E-post: eystein.hauge@voss.herad.no
Navn: Ingunn-Olin Haugen
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 94136967
E-post: ingunn-olin.haugen@voss.herad.no
Arbeidssted
Voss legekontor
Gurid Almenningens Plass 1
5704 VOSS
Søk på stillingen