Kort om arbeidsgiver

Vil DU bli vår kollega?
Vi har ledig vikariat for overlege med spesialitet innan fysikalsk medisin og rehabilitering frå 1. september 2022 til 31.august 2023.

Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering tilhøyre Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering, og inneheld:

  • Sengepost med 14 rehabiliteringssenger, ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før og etter innleggelse
  • Poliklinikk for fysikalsk medisin og nevropsykologi, inklusiv "Helse I Arbeid" tilbod

Seksjonen er lokalisert i Ålesund Sjukehus, og ligg omkransa av innbydande fjord og fjell. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i seksjonen si ordning med vaktberedskap inklusiv bakvaktsordning
  • Arbeid i tverrfaglege team på både sengepost og poliklinikk. Fast plassering på sengepost eller poliklinikk er ikkje endelig avklart.

Kvalifikasjonar

  • Oppnådd spesialitet i fysikalsk medisin og rehabilitering
  • Lege i spesialisering med relevant erfaring oppfordras òg til å søkje på stillinga. Ved intern opprykk vil det bli ledig 100% stilling for Lege i spesialisering frå same tidspunkt.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapa

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel, engasjert, løysingsorientert og initiativrik
  • Du har evne og interesse for tverrfagleg samarbeid
  • Du må vere i stand til å ta imot rettleiing
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
  • Personlige eigenskaper vil bli vektlagd

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte teammedlemmer
  • Tett samarbeid med andre faggrupper
  • Høve for fagleg utvikling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Hanne Svejstrup Elde
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 41248018
E-post: Hanne.Svejstrup.Elde@helse-mr.no
Navn: Ingvild Kjeldberg
Tittel: Seksjonsoverlege fys.med
Telefon: 70105749
E-post: Ingvild.Kjeldberg@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillingen