Kort om arbeidsgiver

Vil du bli med på laget vårt i det vakreste fylket i verda?
Vi har ledig ei spanande stilling for Lege spesialisering innan nevrologi ved nevrologisk poliklinikk ved medisinsk avdeling, Klinikk Ålesund sjukehus. Tilsetting kan skje etter avtale.

Nevrologisk poliklinikk har 4 overlegar.  Vi har utgreiing og behandling av nevrologiske sjukdommar som hodepine, ms, parkinson, epilepsi medfleire. Dei fleste nevrologiske pasientkategorier og problemstillingar blir håndtert hos oss. Seksjonen har eige KNF-laboratorium for EEG/ENG/EVP under tolkning fra nevrofysiolog St.Olav. Vi samarbeider tett med medisinsk avdeling, spesielt slagenheten som er organisert under geriatrisk seksjon.

Som du ser, har vi mange spanande og utfordrande arbeidsoppgåver. Men like viktig er at du blir ein del av eit fagleg sterkt og hyggeleg arbeidsmiljø som arbeider for best mogleg pasientbehandling. Vil du vite meir om oss, og korleis det er å jobbe og bu i det vakraste fylket i Norge? Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget!  

Ålesund sjukehus ligg omkransa av flott natur, fjord og fjell. Ålesund kan tilby urbant og rikt kulturliv med konsertar og festivalar. Vi har nærleik til ekstreme naturopplevingar  både sommar og vinter,somtoppturar i Sunnmørsalpane og padling i havgapet. Vil du lese meir om regionen vår, sjå her: Visit Sunnmøre og  Visit Ålesund

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid på poliklinikk
  • Delta i tilsyn og vurderinger ved andre avdeling under veiledning av overlege
  • Utviklings- og forbetringsarbeid
  • Internundervisning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Du kan også søke om spesialitet innan nevrologi er oppnådd
  • Kommunikasjon- og samarbeidsevner internt og eksternt
  • Evne til fleksibilitet
  • Gode språkkunnskaper i norsk/skandinavisk, både muntleg og skriftleg
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevne internt og eksternt
  • Vere innstilt på å yte service
  • Vise engasjement

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Jørn-Åge Longva
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70105651
E-post: Jorn-Age.Longva@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillingen