Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Øyeeavdelinga på Haugesund Sjukehus er no på jakt etter ein engasjert og effektiv LIS til 1 års vikariat med moglegheit for forlenging. Vår nye LIS vil jobba tett saman med dei dyktige overlegane våre i all diagnostisering og pasientoppfølging. Hos oss vil du inngå i eit team som diagnostiserer og behandlar dei fleste øyesjukdommar ved bruk av moderne utstyr og med eit mål om å vera ein framtidsretta og innovativ kompetanseorganisasjon.
Som LIS på øyeavdelinga vil du vera ein viktig del av teamet vårt og det er derfor krav at du har autorisasjon som norsk lege og at du beherskar det norske språket både skriftleg og munnleg. Det er ønskeleg med tidlegare erfaring innan øyefaget, men dette er ikkje eit absolutt krav.
Som person er det viktig at du kan arbeida sjølvstendig, effektiv og strukturert, heile tida med pasienten i fokus. Du får kommunikasjonen med både pasientar og kollegaer til å fungera så sømløst som mogleg.
Vi tilbyr eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med fokus på utvikling og samspill. Hos oss vil du få lønn iht. gjeldene overenkomst.
Arbeidsoppgåver
- Diagnostikk og behandling av allmennoftalmologiske problemstillingar
- Erfaring med DIPS Arena er ein fordel
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Erfaring som lege innan øyefaget er ønskjeleg
- Annan relevant medisinsk fagleg arbeidserfaring
Personlege eigenskapar
- Strukturert og effektiv
- Pasientorientert
- Gode samarbeidsevner og god til å arbeida i team
- Gode kommunikasjonsevner
- Må kunne kommunisera godt på norsk språk både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Trenger du hjelp med bustad eller anna ved flytting, ta kontakt for å høyra korleis vi kan hjelpa deg.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Utdanningsretning
Utdanningsnivå