Kort om arbeidsgiver

Avdeling for kreft, blodsjukdom og lindrande behandling (Kreftavdelinga) Førde sentralsjukehus, har ledig

  • 100% fast stilling for lege i spesialisering hematologi fom 01.09.2022

Kreftavdelinga har ansvar for medikamentell kreftretta behandling for innbyggjarane i tidlegare Sogn og fjordane, og består av 13 senger og poliklinikk. Avdelinga har pasientar innen fagområda onkologi, hematologi og palliasjon

Avdelinga er godkjent for spesialistutdanning innan hematologi gruppe 2-teneste. For fullstendige utdanningsløp har ein avtale internt for gruppe 2-teneste og eksternt for gruppe 1-teneste.

Det er ei gradvis utvikling mot sjølvstendig funksjon innan definert fagområde.

Avdelinga har fem LIS-stillingar herav to innan hematologi. LIS inngår i femdelt vaktplan 16:00 - 19:00 mandag til fredag og 09:00 - 14:00 helg og helligdagar.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk og administrativt arbeid ved sengepost og poliklinikk, feks. innlegging/utskriving, konsultasjonar, bestilling og oppfølging av medikamentell kreftretta behandling, tilsyn og henvisingar
  • Utgreiing og behandling av pasientar med hematologisk sjukdom, inkludert lymfom, på poliklinikk og sengepost

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført LIS2 indremedisin
  • Må mestre norsk skriftleg og muntleg for god pasientsikkerhet
  • God evne til  kommunikasjon

Personlege eigenskapar

  • Du innehar motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer

Vi tilbyr

  • Høg fagleg standard
  • Ein spennande og krevjande jobb i eit fagleg utviklande miljø
  • Er du engasjert og ønskjer ein god fagleg utvikling kan vi tilby rettleiing med høg fagleg kompetanse
  • Tilsettingsvilkår etter gjeldande retningslinjer, og løn i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Ingunn Solheim Terøy
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 578 39 201
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Kreftavdelinga, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen