Kort om arbeidsgiver
Ledig nyoppretta fast overlegestilling, tiltredelse etter avtale.
Senteret er ein privat, ideell organisasjon som gir tilbod om intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Sidan 2017, har ein i tillegg til tilbod til vaksne, også hatt tilbod for barn og unge (6-18 år) som har gjennomgått kreftbehandling, eller som har funksjonsnedsetting. Inkludert i dette tilbodet er opplæring for pårørande/ ledsagar.
Tilbodet er i stor grad gruppebasert, men vert individuelt tilpassa det enkelte barnet/ungdommen.

Dette er tilbod vi ønsker å vidareutvikle og vi søkjer deg som likar å arbeide med barn i eit tverrfagleg team. 

Som legespesialist samarbeider du tett med andre faggrupper som sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, arbeidskonsulent, sosionom, pedaogaog/idrettspedagog, klinisk ernæringsfysiolog og logoped. Du bidreg med din spisskompetanse gjennom klinisk praksis og i tverrfaglege vurderingar saman med dei andre profesjonane.

Arbeidsoppgåver
  • Bidra til å utvikle tilbodet for barn og unge ved institusjonen
  • Klinisk arbeid:
    - Undersøkingar og medisinske vurderingar
    - Bidra til å styrke ressursar og moglegheiter for pasientar med samansette helseutfordringar
    - Bidra til å betre pasientens psykiske, fysiske og kognitive funksjon, samt betre livskvaliteten gjennom aktivitetar og deltaking
  • Journal- og epikrise arbeid
  • Samarbeid med den øvrige spesialisthelsetenesta og det kommunale hjelpeapparatet
  • Undervisning, opplæring og rettleiing
  • Delta i systematisk fagleg utvikling generelt ved institusjonen
  • Deltaking i aktivitetar innandørs og utandørs

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som legespesialist pediatri/ barnesjukdommar, fysikalsk medisin og rehabilitering eller nevrologi. Anna relevant spesialitet der søkjar har realkompetanse kan og vere av interesse
  • God generell IKT-kompetanse
  • Gode munnlege og skriftlege norsk kunnskapar
 
Personlege eigenskapar
  • Ha gode kommunikasjonsevner og like å arbeide med barn og unge
  • Vere sjølvstendig og ha god vurderingsevne
  • Kunne arbeide i tverrfagleg miljø
  • Interesse for forsking og fagutvikling
  • Innstilt på å halde deg oppdatert på medisinsk og teknologisk utvikling
  • Interesse og engasjement for deling av kompetanse, samhandling og samarbeid
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Politiattest må leverast ved tilsetting.
 
Vi tilbyr
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegar
  • Familievennleg jobb utan vakter.
    Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00 - 15.30. Senteret er julestengt
  • Internundervisning for legar i samarbeid med Helse Bergen
  • Gode moglegheiter for å delta på relevante kurs og utvikling av fagkompetanse.
  • Moglegheit for å legge til rette for hospitering ved andre institusjonar
  • Gode lønns- og arbeidsvilkår
  • Gode pensjonsordningar
  • Gode velferdstilbod
  • Personalbustad / hjelp til å skaffe bustad 
  • Fantastisk beliggenheit og nærheit til sjø og fjell
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
Fysikalsk medisin og rehabilitering
Kontaktperson
Navn: Inger Johanne Osland
Tittel: Adm.dir
Telefon: 57737103
E-post: inger.osland@rkhr.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Søknad
Søknad merkes: Legespesialist
Send søknad på mail
Last ned søknadsblankett

Arbeidssted
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Flekke.
Hauglandsvegen 308
6968 FLEKKE
Søk på stillingen