Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Ønsker du å jobbe på den medisinske avdelinga i Norge med den beste utsikta, dei beste kollegaene og drøssevis av fritidsmoglegheiter, i Norges vakraste fylke?
Ved medisinsk avdeling i Molde har vi tre ledige vikariater for Lege i spesialisering med utdanningsløp innan indremedisin. Medisinsk avdeling er ei veldifferensiert avdeling som er godkjent for utdanning i generell indremedisin, kardiologi, lungemedisin, fordøyelsessjukdom, hematologi og endokrinologi.
Vi er ei hyggeleg og inkluderande medisinsk avdeling. Sjukehuset er av perfekt størrelse. Lite nok til at alle kjenner alle og kvardagslogistikken er god, men stort nok til at ein ikkje får meir ansvar enn ein kan bere. Avdelinga satsar på fagleg kvalitet, utdanning, aukande forskingsaktivitet, utvikling og godt arbeidsmiljø. Vi har til dømes internundervisning med høg kvalitet, eit av landets kanskje beste medisinske akutt team leia av LIS2/3 i vakt, tidleg og god opplæring i vaktrelevante prosedyrer og bruk av håndholdt ultralyd, penicillinallergipoliklinikk som har fått nasjonal oppmerksomheit, antibiotikateam som stadig utviklar og forbedrer arbeidet vårt, eit tett og godt samarbeid med andre seksjonar på huset, fredagsflax, god humor, spreke kollegaer, og eit nytt sjukehus Nordmøre og Romsdal under bygging.
Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS2/3 tilstade heile døgnet. Overlege i bakvakt som er heime på natt. 12-delt vaktordning for LIS2-3. Det er sett av tid i plan til rettleiing og fordjupning.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.
Arbeidsoppgåver
- Gjeldande vaktordning.
- Her får du mye ansvar, men i trygge rammer.
- Du vil få rask opplæring i bruk av håndholdt ultralyd og i akuttprosedyrer.
- Arbeid som LIS ved sengepost og poliklinikk.
- Du vil få mulighet til å veilede og supervisere LIS1.
- Med bakgrunn i eigne interessefelt tilrettelegg vi så godt som mogeleg for personleg fagleg utvikling
- Det er gode moglegheiter for å drive innovativt medisinsk arbeid hos oss.
Kvalifikasjonar
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Mestre norsk språk - Skriftlig og muntlig tilfredsstillande
- Erfaring frå relevant stilling blir vektlagt
- Utdanningsretning innan indremedisin fra før er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Positiv
- God til å samarbeide
- Evne til å kommunisere og jobbe tverrfagleg
- Du må vere glad i høgt tempo og varierte oppgåver
- Ein god kollega
- Personlege eigenskaper blir vektlagt
Vi tilbyr
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår