Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Vi har ledig 2 x 100 % vikariat for lege i spesialisering (LIS) ved Ålesund behandlingssenter. Vikariat gjeld frå 1. august 2022 -15. august 2023, med moglegheit for fast tilsetting. Du som ventar på turnus er også velkommen til å søke stillinga. Vikariatet vil gå inn i avdelinga si vaktordning for LIS.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon, må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Arbeidsoppgåver
- Mottak
- Abstinensbehandling
- Diagnostikk
- Medikamentvurderingar
- Behandlarmøter
- Utgreiingsarbeid
- Tverrfagleg samarbeid og anna pasientretta arbeid
- Undervisning
Kvalifikasjonar
- Må ha norsk autorisasjon
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning for lege i spesialisering
- Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt
- Evne til å kunne arbeide tverrfagleg
- Vere personleg eigna
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår