Kort om arbeidsgiver
Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.
Fastlegestilling med liste på omlag 900 pasienter, og kommunal del stilling inn mot helsestasjon, event andre oppgåver etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Arbeid retta inn mot pasientlista, kommunal delstilling knytt til helsestasjon barn og unge. Samarbeidstiltak i avdelinga. deltaking i interkommunal legevakt - og daglegevakt i samarbeid med dei andre legane.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege. Stillinga er open for autorisert lege, ønskeleg med spesialist i allmennmedisin eller lege under spesialisering.
Gode norskkunnskaper , munnleg og skriftleg.
Godkjent politiattest må leggast fram før tiltredelse i stillinga.
Personlege eigenskapar
Fagleg dyktig, sjølvstendig og samarbeidsvillig.
Vi tilbyr
Sande kommune er open for nye, fleksible arbeidstidsordningar og organisering av stillinga og kontoret. Stillinga kan og delast mellom to i ei turnusordning, eller drøftast som delstillingar - eller tildelast som ei fast stilling.
Helseavdelinga der legekontor er samlokalisert med helsestasjon og jordmor har og stasjonert ambulanse i same bygg. Gode lokaliteter og godt arbeidsmiljø i ei lita kommune.
Løn etter avtale.