Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Barn- og ungdomsavdelinga er ein del av medisinsk klinikk og omfattar Barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, Nyfødtintensiv eining, Barn sengeeining og Familieambulatoriet.
Avdelinga har 2 vikariater i 100 % stilling som LIS - ledig frå medio august 2022 til medio august 2023.  Stillingane er med moglegheit for forlenging. 

Vi har for tida 9 overlegestillingar og 7 legar i spesialisering. Barn sengeeining har 10 senger for barn 0-18 år og nyfødtintensiv eining har 8 senger for sjuke nyfødde og premature frå 28 veker. Nyfødtintensiv flyttar inn i nyoppussa lokaler frå hausten 2022. Vi dekkjer også sjukehuset si barnehabiliteringsteneste.
Vi har godt samarbeid med Universitetssjukehusa i Bergen og Stavanger. Avdelingen deltar i desentral undervising av medisinarstudentar frå Universitetet i Bergen. Vidareutdanning vil skje ved henholdsvis Haukeland Universitetssjukehus eller Stavanger Universitetssjukehus etter nærmare avtale.

Velkommen til Haugesund!
Haugesund er ein by der du kan oppleve noko av det beste Norge har å by på. Regionen strekk seg frå det opne havet i vest til fjord- og fjellandskapet i aust. Her finn du både fjord, foss, fjell, idyllisk øysamfunn og ei unik vikinghistorie.
Byen har eit rikt liv med fleire festivalar og moglegheit for aktiviteter som dykking, sandvolley og surfing. Haugesund er ein by med mange opplevingar på menyen.
Haugesund ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og det er god transport mellom byane. Bergen når du på ca 3 timar, medan Stavanger bare er 1,5 time unna. Haugesund / Karmøy har eiga lufthamn med fly til nasjonale og internasjonale destinasjonar.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid ved sengeeining barn, nyfødtintensiv og poliklinikk Haugesund
  • Delta i utgreiing og behandling
  • Deltaking i undervisning
  • LIS-legane går i 7-delt tenesteplan, med aktive vakter

Kvalifikasjonar

  • Søkaren må ha gjennomført LIS1 eller tilsvarande
  • Norsk autorisasjon
  • Må beherska norsk munnleg og skriftleg.
  • Erfaring frå LIS-stilling ved barneavdeling blir vektlagd

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Må trivst med teamarbeid
  • Sjølvstendig og strukturert
  • Fleksibel og arbeidssam
  • At søkaren er personleg eigna og har gode samarbeidsevner vil bli vektlagd

Vi tilbyr

  • Eit godt kollegialt miljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Språk

  • Norsk
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Anne Margrethe Øritzland
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: (+47) 91875039
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Barn- og ungdomsavdeling, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 Haugesund