Kort om arbeidsgiver

Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken har tre avdelingar som er lokalisert ved Sandviken sjukehus: Avdeling stemningslidingar, Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM) og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), og tre avdelingar som er lokalisert på Haukelandsområdet: Avdeling spiseforstyrringar og Avdeling alderspsykiatri og Avdeling psykosomatisk medisin. 

Avdeling psykosomatisk medisin har eit tverrfagleg miljø med spesialistar i psykiatri, psykologspesialist og psykiatrisk sjukepleiar. Vi har no ledig vikariat i 100% stilling for godkjend, eller snart godkjend spesialist i vaksenpsykiatri frå snarast og til 01.05.23. Avdelinga gir tenester til dei somatiske einingane på Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale sykehus.

Frå januar 2023 vil det kunne bli aktuelt med oppgåver også knytta til Avdeling alderspsykiatri.

Arbeidsoppgåver

  • Konsultasjon-liaison teneste til dei somatiske einingane ved HUS og HDS
  • Rettleiing og formidling av kunnskap internt og til samarbeidande einingar
  • Medverke til fagleg vidareutvikling av tenestetilbodet
  • Ta del i samarbeidet mellom dei ulike seksjonane i klinikken

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjend, eller snart godkjend spesialist i vaksenpsykiatri
  • Søkjar må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Den som blir tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Det er vidare viktig at du likar å arbeide i tverrfaglege team
  • Vi legg vekt på at søkjar er personleg eigna

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Interessante arbeidsoppgaver
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Ann Christin Øren Rivenes
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55974562
Navn: Turid Vetaas
Tittel: Avdelingsssjef
Telefon: 55974515
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling psykosomatisk medisin, Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen