Kort om arbeidsgiver
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
To fastlegeheimlar tilknytt Jomarka legesenter er ledige.
Heimel 1: Ledig frå august 2022. Denne fastlegeheimelen er ledig for overdraging til ny eigar frå 1.august 2022, eller etter nærmare avtale. Listelengde 1000.
Heimel 2: Ledig frå Januar 2023, denne er uten økonomiske heftelser/listekompensasjon.
Listelengde er 1050.
Legesenteret: Jomarka legesenter held til i fine og tilrettelagde lokaler på Blindheimshaugen 9. Kontoret er godt utstyrt og journalsystemet er CGM journal.
Kontoret har 4 fastlegar, stabile og svært dyktige medarbeidarar med stort fokus på trivsel både for kollegaer og pasientar. Meget godt arbeidsmiljø.
Etter avtale mellom legen og Ålesund kommune kan legen tilpliktast offentleg arbeid på inntil 20 % stilling, med minimum 6 mnd. varsel.
Til heimlane inngår deltaking i kommunal legevaktsordning.
Vilkår for overdraging vert avtalt med heimelshavar etter retningslinjene frå legeforeningen.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne.
- Personlege eigenskapar for stillinga vil bli lagt stor vekt på.
- God kunnskap om norsk lovverk.
- Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg.
- Ynskjeleg med sjølvstendig vaktkompetanse.
- Overtaking av fastlegeheimel føreset fremlegging av tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.