Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Voss sjukehus, har ledig fast stilling for lege i spesialisering, LIS 2, i indremedisin frå 01.09.2022. Vi tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i generell indremedisin. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.     

Voss sjukehus har utdanningsansvarleg overlege, og Medisinsk avdeling har strukturert LIS-2 utdanning etter den nye ordninga i samarbeid med Helse-Bergen.
Stillinga inngår for tida i 8-delt vaktordning.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank.

Voss sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt aktivitetsvekst og ønskjer å fortsette den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.

Ein samla utviklingsplan, "Nye Voss sjukehus fram mot 2035", er no under arbeid. Planen har som mål å utvikle eit framtidsretta sjukehus, der nytt areal og infrastruktur skal støtte opp om aktiviteten ved sjukehuset.

Voss herad har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Arbeidsoppgåver

  • Du deltar for tida i 8-delt vaktplan
  • Visitt
  • Poliklinikk
  • Den som blir tilsett som lege i spesialisering (LIS), vil få ein personleg rettleiar og tar del i det regulære utdanningsprogrammet i avdelinga
  • Forholda blir lagt til rette for deltaking i undervising og kurs

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 2-stilling i generell indremedisin
  • Den som blir tilsett må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Voss sjukehus vil kunne hjelpe til med passande bustad

Ta kontakt med avdelingsoverlege Turid Fjose ved spørsmål. 


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Turid Fjose
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 56 53 35 00
E-post: turid.fjose@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Voss sjukehus, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16
5704 Voss