Kort om arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune med ca. 25 000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. Ny E-39 vil halvere reisetida til Bergen til 15 minutt. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege, treffsikre og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov.

No søkjer vi deg som vil vere einingsleiar for legetenestene og legevaktsjef.

Vi har 24 fastleger fordelt på 6 legesentre, kor to av dei er kommunale. Om lag 5 årsverk knytt til sjukeheimane og ØHD-sengane våre. Bjørnafjorden interkommunale legevakt har to legevaktstasjonar, ein i Eikelandsosen og ein på Moberg.

Vi ønsker ein strategisk og trygg leiar med relevant utdanning.

Du skal ta i bruk din relasjonskompetanse, dine forhandlingsegenskapar og din teft som sikrar at  Bjørnafjorden kommune er offensiv og løysingsorientert. I tillegg ønsker vi god kjennskap og  forståing for digitale løysingar, god økonomiforståing og erfaring frå omstillingsarbeid.

Vi tilbyr:
  • Ein unik sjanse til å arbeide med innovative løysingar for å sikre framtidsretta og gode tenester til det beste for innbyggarane i kommunen.
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Leiaroppfølging
  • Mogleg med kompetanseheving etter avtale.
Om arbeidsplassen:
  • 30 min (15 minutter med ny E-39 fra oktober 2022) til Bergen sentrum og nærmeste flyplass (Flesland)
  • God barnehagedekning
  • Rikt kultur- og idrettsliv
  • Nytt, flott kulturhus
  • Svært gode friluftsmuligheter i området for den som er glad i friluftsliv!
Vi søker deg som:
  • Er lege, fortrinnsvis spesialist i allmennmedisin
  • Har leiererfaring
  • Som ønsker å bu i nærheten av Bergen
Vi gleder oss til å høyre fra deg!

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Stillingskategori
Enhetsleder
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Kontaktperson
Navn: Monica Totland Melvold
Tittel: Kommunalsjef helse og velferd
Telefon: 930 06 821
E-post: mtme@bjornafjorden.kommune.no
Arbeidssted
Torggata
5209 OS