Kort om arbeidsgiver

Klinikk for diagnostikk - Avdeling for Radiologi Molde og Kristiansund

Avdeling for Radiologi Molde og Kristiansund utfører ca 100 000 undersøkingar i året.  Avdelinga har, frå hausten 2022, mellom anna 4 MR maskiner og 3 CT maskiner.
Vi samarbeider nært med fleire ulike kliniske avdelingar, og vi vil særleg trekkje fram gode fagmiljø med stor forskningsaktivitet innanfor nevrologi og ortopedi. Vi har difor eit sort spekter av diagnostiske undersøkingar. Vi har også eit britt spekter av intervensjonar innafor onkologi , ortopedi , gastro og palliativ medisin.

 

Avdelinga har ledig fast stilling for lege i spesialisering frå 01.10.2022.
Ved ev. intern tilsetting, kan det bli ledig andre vikariat.

Fysisk arbeidplass, inkludert vakt er ved Molde sjukehus fram til nytt felles sjukehus , SNR, står ferdig mai 2025. Teleradiologisk vakt for Kristiansund sykehus.
VI har 8-delt tilstadevakt for LIS,  med overlege i bakvakt på natt.

Arbeidsoppgåver

  • Som LIS i radiologi i Molde vil du få arbeide med eit breitt utvalg av radiologiske undersøkingar
  • Som fersk LIS er arbeidsoppgåvene først og fremst innan CT, ultralyd og konvensjonell røntgen, etter kvart intervensjon av ulik art, og også MR
  • Avdelinga dekkjer Molde og Kristiansund, med tilstadesvakt i Molde. Det kan leggast til rette for noko arbeidstid i Kristiansund


Kvalifikasjonar

  • Gjennomført norsk LIS1, eller godkjent turnusteneste etter gammal ordning
  • Tidligare erfaring frå radiologi kan gi fortrinn ved tilsetting
  • Du må mestre norsk, eller eit anna skandinavisk språk, både muntleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Som LIS i radiologi bør du ha god klinisk forståing. Gode evner til samarbeid.
  • Vi har stor grad av samarbeid med legar i andre avdelingar, med radiografar og med andre faggrupper
  • Ein bør vere lærevilleg og fagleg interessert



Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Odd Arne Haram
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 71122436
E-post: odd.arne.haram@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 MOLDE
Søk på stillingen