Kort om arbeidsgiver
Det er ledig 100% fast stilling som fastlege med listelengde pr. no 750 pasientar, vi kan også tilby ALIS-avtale med redusert listelengde.

Kvifor velge oss
  • Gode løns- og pensjonsvilkår, i tillegg til fastløn tilbyr vi omsetningslønn. 
  • Normal arbeidstid: 37,5 timar pr. veke.
  • Veldriven praksis med erfarne legar og helsepersonell.
  • Ved ALIS-avtale tilbyr vi erfarne rettleiarar.
  • Interkommunal legevaktordning med 3 fast tilsette legevaktslegar. Fastlege deltek i vakt primært laurdag og søndag  08:00-16:00 pr. no i 7-delt turnus.
    Legevakta er fastløna.
Til stillinga er det offentleg legearbeid med inntil 7,5 t/pr. veke.

Datasystemet som blir brukt er Hove total (skybasert pasientsystem).

Kvalifikasjonar
  • Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege
  • Søkjarar må kunne uttrykke seg godt på norsk, munnleg og skriftleg
  • Førarkort for personbil
Personlege eigenskapar
  • Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Fleksibel
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
  • Ein veldriven praksis i trivelige lokale med godt utstyr og stabilt og velutdanna hjelpepersonell.
  • God fastløn og prosentvis omsettningsløn
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.     
Offentleg tenestepensjon for nytilsette.
 Offentleg tenestepensjon for nytilsette


Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.

Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Stranda kommune
Kontaktperson
Navn: Josefine Gjerde
Tittel: Einingsleiar helsetenesta
Telefon: 46411089
E-post: josgje@stranda.kommune.no
Arbeidssted
Stranda legekontor
Øyna 13
6200 STRANDA
Søk på stillingen