Kort om arbeidsgiver
Ledig fastlegeheimel på Nordfjordeid i Stad kommune.
Stad kommune lyser ut fastlegeheimel i godt opparbeidd praksis i kommunalt drive legekontor på Nordfjordeid frå 01.09.2022.

Fastlegeheimelen har ei listelengde på 800 pasientar (700 pasientar ved tilsetting av ALIS) og inntil 7,5 timar per veke i kommunal deltidsstilling. Stillinga er tredelt og omfattar kurativt arbeid, legevaktarbeid og offentlege arbeidsoppgåver. 

Stad kommune har to legekontor som begge er kommunalt drive. Legetenesta i Stad har tolv fastlegeheimlar.

Legekontoret nyttar Infodoc Plenario journalsystem. Det er tilsett sjukepleiarar og legesekretærar som hjelpepersonell. Eid legekontor er med i pilotprosjekt om primærhelseteam.

Eid legekontor har eit godt fagmiljø med  8 andre fastlegar og LIS1. På Nordfjordeid ligg sjukehus med indremedisinsk døgnavdeling, laboratorium, røntgen, skadepoliklinikk, samt døgntilbod på distriktspsykiatrisk senter og ruspost.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Stad kommune
Helse
Kontaktpersoner
Navn: Linda Gotteberg
Tittel: Einingsleiar helse
Telefon: 41694203
E-post: linda.gotteberg@stad.kommune.no
Navn: Thomas Vingen Vedeld
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 97004492
E-post: thomas.vingen.vedeld@stad.kommune.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Eid legekontor
Bøen 1
6770 NORDFJORDEID
Søk på stillingen