Kort om arbeidsgiver

Lærdal sjukehus, Ortopedisk avdeling har ledig 100% fast overlegestilling ved Lærdal sjukehus. 

Lærdal sjukehus er eit av 3 sjukehus i Helse Førde. Ortopedisk avdeling har aktivitet ved alle 3 sjukehusa. Ortopediske legane samarbeidar godt på tvers av lokasjonar. Ortopedisk avdeling i Helse Førde har i dag tilsaman 13 fast tilsette ortopediske spesialistar. 

Lærdal er en kommune og et dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylksegrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell. Lærdal ligg inst ved Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter. Lærdal har berømt tørt klima der deler av bygda har omtrent like mykje nedbør og Alicante og Palma, Mallorca. Lærdalsdalføret med sidedaler og de store fjellområdene byr på rike muligheter for jakt på hjort og fisking. 

Meir informasjon om Lærdal kommune kan du lesa med å klikka her.

Største arbeidsplassen i Lærdal kommune er Lærdal sjukehus med cirka 175 ansatte. 
Ortopedisk avdeling ved Lærdal sjukehus har i dag tilbod innan følgjande område:

  • Knekirurgi
  • Hoftekirurgi
  • Fotkirurgi
  • Skulderkirurgi
  • Skadepoliklinikk

Klinisk erfaring og kompetanse innen disse fagfeltene vil derfor vektleggast ved tilsetting. Søkjarar med annen subspesialisering innan ortopedi kan også bli vurderte. 

Ortopedisk avdeling ved Lærdal sjukehus er ei avdeling med høg poliklinisk og operativ aktivitet. Stillingen inngår 8 vekers plan med heimevakt på natt med LIS1 på vakt. 
På Lærdal sjukehus får du mykje ansvar og mulighet for å utvikle deg faglig. Du får mye tid på operasjonsstova, og vi strekker oss langt for å få til kurs og faglig utvikling. 

Ortopedisk avdeling ved Lærdal sjukehus har Norges nest største seksjon innan knekirurgi. Vi er kjent i heile Noreg på grunn av den gode behandlinga og pleie pasientane får. I 2021 vart det utført 751 operasjon ved Lærdal sjukehus, av disse  327 kneproteser 124 andre kneoperasjonar, 36 hofteoperasjonar, 52 skulderoperasjonar og 212 diverse andre operasjonar. 

Ortopedisk sengpost har 18 senger, det er stort sett berre elektive pasientar inneligande. Vi har svært godt opptreningsteam med god kompetanse på pleiarar og fysioterapeutar. Øyeblikkelig hjelp kirurgi føregår ved sentralsjukehuset i Førde. 

Arbeidsoppgåver

  • Deltagelse i avdelingens drift, postarbied, poliklinikk og operasjon.
  • Øyeblikkelig hjelp
  • Veiledning av LIS1
  • Internundervisning
  • Administrative oppgåver
  • Medlem i medisinsk akutt team

Kvalifikasjonar

  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Må ha godkjend norsk autorisasjon som spesialist.
  • Må bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert varetekne
  • Søkjarar med høg kompetanse innan knekirurgi vert prioritert 

Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat og tryggleik for tilgjengelighet og omsorg

Personlege eigenskapar

  • Vere fagleg engasjert
  • Jobbe strukturert og målretta
  • Må trivast i eit aktivt miljø med stadig nye utfordringar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Like varierte utfordringar og vere serviceinnstilt
  • Personelge eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • God opplæring
  • Fagleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Personalhytte på Filefjell
  • Hjelp med å skaffe bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskeleg
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling 

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Kari Anne Indrebø
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: +(47) 918 67 566
Navn: Hrafnhildur Yr Elvarsdottir
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 415 30 456
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Ortopedisk seksjon, Lærdal sjukehus
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal