Kort om arbeidsgiver
Kort om stillinga:
Vi har ledig fast 100 % stilling som kommunalt tilsett fastlege, eller ALIS - lege i Alver kommune.

Om stillinga
Den ledige stillinga som fastlege/ALIS - lege er nyoppretta, og tilknytta Knarren legesenter. 

Knarren legesenter er lokalisert i Helsehuset i Knarvik. Vi har store og moderne lokaler som er godt innreia med kommunalt utstyr, og tilgjengeleg parkering i gåavstand frå kontoret. Det er tilsett 2 fastlegar ved Knarren legesenter, som har godt internt samarbeid og arbeidsmiljø. Denne stillinga gjer at det i framtida vil være 3 fastlegar ved Knarren legesenter. Nokre av pasientane den nye legen får på lista si vil være overført frå legar i kommunen som ønskjer listereduksjon. Det er og fagleg dyktig hjelpepersonell i form av sjukepleiar og helsesekretær tilsett ved Knarren legesenter. Helsesekretæren fungerer og som driftskoordinator på kontoret, og bidrar til eit godt organisert kontor med tverrfagleg arbeidsmiljø. Vi brukar for tida Infodoc journalsystem i arbeidet.

Alver kommune ligg nord for Bergen, med korte ca 35 minuttar kjøretid til Knarvik som er kommunesenteret i Alver. Helsehuset (RNH) i Knarvik vart innflytta våren 2021, og det er mange kommunale- og spesialisthelsetenester samla under eitt tak, blant anna Nordhordland legevakt og ambulansestasjon.

Alver kommune er godkjent utdanningsverksemd med avtale med spesialisthelsetenesta. For ALIS - lege vil det være veiledning under utdanningsforløpet.

Arbeidsoppgåver
Arbeid som fastlege, med pasientliste på omlag 1000 pasientar.
ALIS - lege vil ha ei liste som gradvis vert auka opp til omlag 900 pasientar.

Den som vert tilsett deltek i interkommunal legevakt (Nordhordland legevakt) på kveld , helg og natt, og offentleg allmennmedisinsk legearbeid kan påreknast 7,5 time for veka.

Kompetansekrav
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført LIS 1 ved oppstart
  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg 
  • Vaktkompetent, eller villig til å bil vaktkompetent
Personlege eigenskaper
Vi søkjer ein lege som har gode samarbeidsevner og ein positiv innstilling. Du er løysingsorientert og kan handsame akutte situasjonar på ein god måte. Vi ser etter ein lege som kan samarbeide godt med pasientar i alle aldersgrupper. Du er motivert for å arbeid innan allmennmedisin, og ser for deg ein framtidig karriere innan dette fagfeltet. 

Vi tilbyr
  • Spennande og variert arbeidskvardag
  • Veiledning under ALIS forløpet
  • Godt fagmiljø i regi av avdelingsleiar/tenesteleiar for legetenesta.  
  • God pensjonsordning som kommunalt tilsett
  • Løn etter avtale
Politiattest
I tråd med gjeldande lovverk vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.

Slik søker du
Trykk knappen "send søknad" på denne siden. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktpersoner
Navn: Bente Karin Bø Taule
Tittel: Avdelingsleiar legeteneste
Telefon: +47 47459725
E-post: bente.bo.taule@alver.kommune.no
Navn: Tord Moltumyr
Tittel: Tenesteleiar lege – og rehabiliteringsteneste
Telefon: +47 95118589
E-post: tord.moltumyr@alver.kommune.no
Arbeidssted
Kvernhusmyrane 41
5914 ISDALSTØ
Søk på stillingen