Kort om arbeidsgiver
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, mye natur, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg. Midt-Telemark er ein kommune som er i stadig vekst.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband.
Velg Midt-Telemark og Bø som din arbeidsstad, og kanskje bustad? Eit godt valg for både deg og ev. familien.
Det er ledig 1 fastlegeheimel ved «Bø Legesenter AS». Som søkar er det opp til deg å velge; sjølvstendig næringsdrift, eller kommunalt ansatt lege. Velger du næringsdrift, er det er ikkje krav om kjøp av heimel.
Begge heimlane har listetak på 900 pasientar.
Omtale av arbeidsstaden
Bø legesenter er lokalisert i moderne og godt tilpassa lokale i Bø sentrum. Senteret er velutstyrt og veldrive med ein dyktig stab med hjelpepersonell. Vi har eit godt arbeidsmiljø.
All felles drift (t.d. leige av lokale, hjelpepersonell, merkantile tenester) ordnast for dei med næringsdrift av eit aksjeselskap, eigd av legane med like eigarandelar. Selskapet har ein solid økonomi. Legar som vert tilsett i dei ledige heimlane, må kjøpe sin andel i selskapet om det er næringsdrift som er ønska driftsform. Legane ved senteret har ei god inntening.
Har du ønskje om fast tilsetting ved kontoret utan næringsdrift, tilbyr kommunen gode rammebetingelsar. Om du på eit seinare tidspunkt likevel ynskjer å arbeide som næringsdrivande, vil vi være fleksible, og legge til rette for det.
For ytterlegare informasjon om Bø legesenter, kontakt oppgitte kontaktpersonar.
Ved Bø Legesenter ønskjer vi å være framtidsretta, og video -og e-konsultasjonar er eit satsingsområde. Vi tilbyr også «time på dagen».
Kort om stillinga
Det er ledig 1 heimel som har listelengde på 800-900 pasientar.
Legane som er sjølvstendig næringsdrivande, kan bli tilplikta kommunale oppgåver inntil 7,5 timar/veke etter nærare avtale. Vi er i dag åtte fastlegar og ein turnuslege. Omlag 6900 pasientar har fastlege hos oss.
Journalsystemet er Infodoc.
Legevakt er lokalisert på Notodden interkommunale legevakt, og våre legar har vakter ved legevaktsentralen på Notodden. Kvar lege har om lag 2 legevakter pr. månad med fast betaling. Legevakta benyttar
System X.
Velgjer du kommunal fast tilsetting, tilbyr vi god fastløn, og andel av Helforefusjon. I tillegg ei ekstra friveke i året. Dette er fridagar du ikkje vil kunne flytte til neste kalenderår om dei ikkje er nytta. Det er i utgangspunktet tenkt ein kontordag i veka, med vektlegging av også då å ha innteksførande aktivitet.
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar
Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon og kjennskap til norsk helsevesen. Primært søker vi spesialist i allmennmedisin, eller lege som er i gang med spesialisering i allmennmedisin. Det leggast til rette for utdanning og veiledning, og det er aktuelt å gje stimuleringstilskot i spesialiseringsløpet til næringsdrivande legar.
God evne til bruk av norsk skriftleg og munnleg.
Erfaring frå kommunehelsetenesten og fastlegeordninga er ein fordel.
Ved tildeling av heimel vil det leggast vekt på faglege kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner.
Søkjarane må ha førerkort kl B, og kunne stille bil til disposisjon.
Særskilt for stillinga
I tråd med Helsepersonelloven vil det bli krevd politiattest.
Lønn for kommunale oppgåver og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Offentleggjering
Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar oppmerksam på at opplysningar om søkjarane kan bli
offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheita. Midt-Telemark kommune vil varsle søkjarar som
har bedt om unnatakelse frå offentlegheit hvis dette ønskjet ikkje kan imøtekomast.
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling". Har du utfordringar med dette, skal du bare kontakte kommunen pr. telefon eller epost.
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost medkvittering om at søknaden er mottatt.