Kort om arbeidsgiver

Smertepoliklinikken ved Ålesund sjukehus tilbyr tverrfagleg utgreiing og behandling av pasientar med komplekse smerteproblem under leiing av anestesilegar med spesialkompetanse i smertebehandling. Teamet består av sjukepleiar, lege, fysioterapeut og psykolog. Smerteklinikken samarbeidar også med andre avdelingar på sjukehuset.

Overvektspoliklinikken ved Ålesund sjukehus er spesialisthelsetenesta sitt tilbod til pasientar med alvorlig fedme i Møre og Romsdal. Poliklinikken er organisert under kirurgisk avdeling, men tilbodet er tverrfagleg og endokrinolog, kirurg, klinisk ernæringsfysiolog, sjukepleiera og andre faggrupper deltar i pasientbehandlinga. Tilbodet omfattar utgreiing og oppfølging etter både kirurgisk og medisinsk behandling.

Smertepoliklinikken og Overvektspoliklinikken samarbeidar no om ein eitårig prosjektstilling for LIS-lege ved dei to poliklinikkane.              Allmennlege som har behov for  sjukehustjeneste som ein del av si spesialisering vil bli prioritert , men lege med anna bakgrunn kan og søke. Stillinga  kan delast dersom deltid er ønskeleg.

Stillinga er ledig frå 1. januar 2023 eller etter avtale.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her: https://www.fjordnorway.com/no/destinasjoner/alesund--geiranger.

Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp og lagt ved søknad og CV.

Arbeidsoppgåver

  • Polikliniske konsultasjonar ved dei to poliklinikkane under fagleg rettleiing
  • Tverrfaglege møter
  • Pasientopplæring ved Lærings- og mestringssenteret
  • Moglegheit for å delta i forsking og fagutviklingsprosjekt
  • Bindeledd mellom primær- og spesialisthelsetjenesta

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode norskkunnskapar skriftlig og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for dei aktuelle pasientgruppene
  • Empati
  • God evne til pasientkommunikasjon og tverrfagleg samarbeid

Vi tilbyr

  • Ein lærerik arbeidskvardag
  • Regionalt samarbeid og mogelegheit for hospitering ved tilsvarande poliklinikkar i regionen
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Valborg A. Bakke
Tittel: Seksjonsleiar / Kirurgiske legar
Telefon: +47 70 10 50 00
E-post: Valborg.Anita.Bakke@helse-mr.no
Navn: Jorunn Sandvik
Tittel: Overlege
Telefon: +47 70 10 50 00
E-post: Jorunn.Sandvik@helse-mr.no
Navn: Tove Pettersen Heger
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: +47 70 10 50 00
E-post: Tove.Pettersen.Heger@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgiske legar Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillingen