Kort om arbeidsgiver

Avdeling for Kvinnesjukdommar, barnemedisin og habilitering er ei mellomstor avdeling i nasjonal samanheng. Dette inneber at vi har dei fleste gynekologiske og obstetriske problemstillingar i vår avdeling. Dette gir lærerike og interessante arbeidsdagar. Vi har likevel ikkje like stor mengde pasientar som ved avdelingar ved universitetssjukehus og du må derfor til teneste ved universitetssjukehus for å få mengdetrening på fødeavdeling og operasjonar ved gynekologisk avdeling og gynekologisk kreftavdeling. Vi har eit godt arbeidsmiljø og vi jobbar tett saman, både vi legane oss imellom og saman med anna sjukehuspersonell.

I 2021 hadde vi 14 570​ pasientkontakter. Vi disponerer 28 senger og hadde 554 døgnpasientar, 534 dagbehandlingar og 10 470 polikliniske konsultasjonar. Vi har omtrent 1 300 fødslar per år.

Vi har 10 spesialistar og 8 LIS. Ein av overlegane og ein LIS3 har PhD og enda ein har nyleg fått tildelt såkornmidlar til eit nytt prosjekt. 

Vi har ledige vikariat frå snarast mogleg/etter avtale og til ut i 2023, med gode høve til forlenging. Intern omrokkering kan gje andre ledige stillingar.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidskvardagen inneheld bl.a visittgang ved gynekologisk sengeavdeling og føde/barsel. Det er dagleg høg poliklinisk aktivitet med både gynekologisk og obstetrisk poliklinikk. Vi har pasientar ved kreftavdelinga og kreftpoliklinikken vi ser til, og det er også mykje operativ aktivitet både ved operasjonsavdelinga og dagkirurgisk eining. Vi har planlagte operasjonar 3-4 dagar i veka ved sentraloperasjon og ein dag i veka ved dagkirurgisk eining.
  • Legar i spesialisering går 8-delt vakt. Vaktdøgnet er delt i to på kvardagane, medan det i helga er døgnvakt. Nattevakt på kvardagar starter kl 15.00 og var til 09.00 neste morgon. Fredagar startar nattevakta kl 14.30. I helgene varer vaktdøgnet frå 08.30 den eine dagen til 09.00 neste dag. Det er ingen heile friveker, men fleire enkeltståande fridagar i arbeidsplanen er stort sett lagt mot helg slik at ein får nokre langhelger fri.
  • LIS har tilstadevakt, og grunna nasjonal føring «Eit trygt fødetilbod» har også bakvakt tilstadevakt for å vere i rask nærleik i dei tilfella kompetansen til vakthavande LIS-lege ikkje strekker til.

Kvalifikasjonar

  • God norsk både munntleg og skriftleg
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning 

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og positiv
  • Både teamorientert og sjølvstendig
  • Personlige egenskaper blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Christina Margrete Duwe
Tittel: Sekjonsleiar (lege)
Telefon: 93608691
E-post: Christina.Margarete.Duwe2@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Legar Gynekologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund