Kort om arbeidsgiver

Avdeling for patologi på Førde sentralsjukehus har ledige stillingar for Lege i spesialisering.Tiltredingsdato er fleksibel, ønskeleg med oppstart mellom september 2022 og mars 2023.

Patologiavdelinga er ei kjerneverksemd innan diagnostikk av kreft og andre sjukdommar. Vår avdeling har eit godt fagmiljø med varierte og spanande oppgåver frå klassiske mikroskopteknikkar til molekylære analysar, samt obduksjonar. Vi er ei framtidsretta avdeling der legane arbeider med digital patologi, og vi er i ferd med å starte opp med neste generasjon sekvensering for diagnostikk av kreftpasientar. Avdelinga har for tida fem overlegestillingar og to heimlar for lege i spesialiseirng. I avdelinga legg vi vekt på trivsel og godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag.

Vi søkjer ansvarsbevisst person med interesse for patologifaget som har evne til å arbeide godt i team, tileigne seg kunnskap og arbeider nøyaktig og effektivt. Stillinga legg opp til eit utdanningsløp med hoveddel av LIS-utdanning ved Førde sentralsjukehus og tilleggsutdanning i Helse Bergen.

Tiltreding stilling føreset at LIS1 teneste er gjennomført. 

Arbeidsoppgåver

  • LIS får delta i diagnostisk arbeid med vevsprøvar, celleprøvar og obduksjonar
  • Deltaking i undervisning og prosjekter ved avdelinga
  • Arbeidstid er dagtid 0800-1600. Ved behov kan fleksibel arbeidstid tilretteleggast

Kvalifikasjonar

  • LIS lege skal ha norsk autorisasjon som lege og fullført LIS1
  • Kunnskap innan dei medisinske basisfaga anatomi, histologi, fysiologi, biokjemi og molekylærbiologi
  • Relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring tel positivt
  • Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk eller skandinavisk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Vilje til å tileigne seg teoretisk og praktisk kunnskap
  • Evne til å arbeide ansvarleg, nøyaktig og effektivt

Vi tilbyr

  • Personleg rettleiing og individuelt tilpassa utdanningsprogram
  • Rekrutteringstillegg
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Moglegheit for individuelt tilpassa arbeidstid
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fagleg og personleg utvikling

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Tonje Bøyum Riste
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 918 06 787
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling for patologi, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde