Kort om arbeidsgiver
Voss herad er takknemleg for vårt solide og stabile allmennlegekorps beståande av 18 fastlegar og 2 LIS1-legar.
 
Ved dr. Sæthres legekontor skal det etablerast ein ny heimel (null-liste). Eksisterande heimelshaver driv i dag solopraksis i halvt tid og har 750 pasientar på lista. Det er eit mål at det skal være minst to heimlar knytt til legekontoret både på kort og lang sikt.
 
Ny heimelshaver kan tre inn i praksisen utan investeringskostnader. Voss herad forutset eit minimum listetak på 1000 pasientar, men listetaket kan hevast om heimelshaver ønskjer. Det er ikkje ledig listekapasitet blant fastlegane på Voss slik at ein ny heimelsinnehaver vil kunne rekne med god pasientpågang.
 
Voss herad innfører frå 1.1.2023 eit fast kommunalt tillegg til basistilskotet, svarande til 25% av ordinært tilskot. Frå 1.9.2022 innfører Voss i tillegg allmennlegeforeningens praksiskompensasjon etter nattevakt på legevakten til alle næringsdrivande fastleger i heradet.
 
For den rette søkjar vil Voss herad være behjelpeleg med å søkje om støtte til spesialistutdanning i allmennmedisin via tilskotsordninga "ALIS Næring" frå Helsedirektoratet, som kan gje inntil NOK 300.000 i støtte kvart år av spesialiseringa og eventuelle andre tilgjengelege stønader for etablering av nye heimlar.
 
Kommunal deltidsstilling i inntil 7,5 timar pr. veke kan verta pålagt, men er ikkje planlagt pålagt ved oppstart i stillinga.
 
Som fastlege i Voss kommune vil du ha plikt til å delta i interkommunal legevakt. Den er p.t. lokalisert på Voss sjukehus. Du må pårekna ca. 40 vakter på årsbasis på helg, kveld, natt og høgtider. Deltaking i kommunal daglegevakt må påreknast, men heradet jobbar med å endre denne ordninga.
 
Om arbeidsstaden
Dr. Sæthres legekontor er eit veldrive legekontor sidan 2001, med ein allmennlege i næringsdrift og eitt årsverk med sekretær-bistand. Det er planer om å auke sekretærbemanninga ved utviding av legekollegiet. Dr. Sætres legekontor er lokalisert sentralt på Voss i trivelege lokalar i nærleik til apotek, legevakt, sjukehus, helsestasjon og tog/busstasjon.
 
Heimelen vil ha pasientar i alle aldersgrupper, som er godt vant med å bruke legetenesta på legekontoret. Legekontoret nyttar Infodoc Plenario i sky journalsystem og e-tenester frå Norsk Helsenett.
 
Praksisen vert vidareført i same lokale. Ny heimelshaver går inn i eit økonomisk og fagleg fellesskap med eksisterande heimelshaver. Voss Herad set krav om at ny heimelshaver skriv ein internavtale med noværande kollega ved kontoret før ein byrjar i praksisen.
 
Tiltreding snarast.
 
Me søkjer kollega
- Har norsk autorisasjon som lege
- Er spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering til dette
- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
 
Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein fordel. Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i heimelen.
 
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode rammar for rettleiing dersom du er LIS3
- særs gode rammevilkår som næringsdrivande fastlege (sjå over)
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Voss herad
Kontaktpersoner
Navn: Eystein Hauge
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 95261271
E-post: eystein.hauge@voss.herad.no
Navn: Ana Cecilia Ortega Sæthre
Tittel: Lege
Telefon: 90071878
E-post: post@drsaethre.no
Arbeidssted
Sæthre legekontor
Vangsgata 38
5700 VOSS
Søk på stillingen