Kort om arbeidsgiver

Ønsker du å jobbe på den medisinske avdelinga i Norge med den beste utsikta, dei beste kollegaene og drøssevis av fritidsmoglegheiter, i Norges vakreste fylke?

Ved medisinsk avdeling i Molde har vi ledig ei fast stilling for Lege i spesialisering med utdanningsløp innan gastroenterologi. Medisinsk avdeling er ei veldifferensiert avdeling som er godkjent for utdanning i generell indremedisin, kardiologi, lungemedisin, fordøyelsessjukdom, hematologi og endokrinologi.
Vi er ei veldig hyggelig og inkluderande medisinsk avdeling. Sjukehuset er av perfekt størrelse. Lite nok til at alle kjenner alle og kvardagslogistikken er god, men stort nok til at ein ikkje får meir ansvar enn ein kan bere. Avdelinga satsar på fagleg kvalitet, utdanning, aukande forskingsaktivitet, utvikling og godt arbeidsmiljø. Vi har til dømes internundervisning med høg kvalitet, eit av landets kanskje beste medisinske akutt team leia av LIS2/3 i vakt, tidleg og god opplæring i vaktrelevante prosedyrer og bruk av handholdt ultralyd, penicillinallergipoliklinikk som har fått nasjonal oppmerksomheit, antibiotikateam som stadig utviklar og forbetrar arbeidet vårt, eit tett og godt samarbeid med andre seksjonar på huset, fredagsflax, god humor, spreke kollegaer, og eit nytt sjukehus Nordmøre og Romsdal under bygging.

VI har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS2/3 tilstade heile døgnet. Overlege i bakvakt som er heime på natt. 12-delt vaktordning for LIS2-3. Det er sett av tid i plan til rettleiing og fordjupning. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.

Arbeidsoppgåver

  • Gjeldande vaktordning
  • Her får du mykje ansvar, men i trygge rammer
  • Du vil få rask opplæring i bruk av handholdt ultralyd og i akuttprosedyrer
  • Arbeid som LIS ved sengepost og poliklinikk
  • Tidlig mogelegheit til opplæring i skopi
  • Du vil få mogelegheit til å rettleie og supervisere LIS1
  • Utifrå eigne interessefelt tilrettelegger vi så godt som mogeleg for personleg fagleg utvikling
  • Det er gode mogelegheiter for å drive innovativt medisinsk arbeid hos oss

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Meistre norsk språk - Skriftleg og muntleg tilfredsstillande
  • Erfaring frå relevant stilling blir vektlagt
  • Utdanningsretning innan indremedisin er en fordel

Personlege eigenskapar

  • Positiv
  • God til å samarbeide
  • Evne til å kommunisere og jobbe tverrfagleg
  • Du må være glad i høgt tempo og varierte oppgåver
  • Ein god kollega
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ida Camilla Monn Birkhaug
Tittel: Seksjonsleiar (lege)
E-post: Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 MOLDE