Kort om arbeidsgiver
Voss Herad er takknemleg for vårt solide og stabile allmennlegekorps beståande av 18 fastlegar og 2 LIS1-legar.
 
Ved Vossamed legesenter er det ledig ein fastlegeheimel som per i dag tel ca. 700 pasientar. Heimelen har pasientar i alle aldersgruppe, som er godt vant med å bruka legetenesta på same legekontoret. Praksisen vert vidareført i same lokale.
 
Ny heimelshaver kan overta lista utan investeringskostnader/ betaling av «goodwill». Ny heimelshaver går inn i eit økonomisk og fagleg fellesskap med dei to andre eksisterande heimelshaverane ved legekontoret. Voss Herad set krav om at heimelshaver skriv ein internavtale med desse før ein byrjar i gruppepraksisen.
 
Listetaket er p.t. på 1000 pasientar. Om ønskjeleg kan det være mogeleg å utvide listetaket ytterlegare.
 
Voss herad innfører frå 1.1.2023 eit fast kommunalt tillegg til basistilskotet, svarande til 25% av ordinært tilskot. Frå 1.9.2022 innfører Voss i tillegg allmennlegeforeningens praksiskompensasjon etter nattevakt på legevakten til alle næringsdrivande fastleger i heradet.
 
For den rette søkjar vil Voss herad være behjelpeleg med å søkje om støtte til spesialistutdanning i allmennmedisin via tilskotsordninga "ALIS Næring" frå Helsedirektoratet, som kan gje inntil NOK 300.000 i støtte kvart år av spesialiseringa og eventuelle andre tilgjengelege stønader for etablering av nye heimlar
 
Kommunal deltidsstilling i inntil 7,5 timar pr. veke kan verta pålagt, men er ikkje planlagt pålagt ved oppstart i stillinga.
 
Som fastlege i Voss kommune vil du ha plikt til å delta i interkommunal legevakt. Den er lokalisert på Voss sjukehus. Du må pårekna ca. 40 vakter på årsbasis på helg, kveld, natt og høgtider. Deltaking i kommunal daglegevakt må påreknast, men heradet jobbar med å endre denne ordninga.
 
Om arbeidsstaden
Vossamed legesenter har vore eit veldrive legekontor sidan 2006. Forutan den nye heimelshaveren arbeider det to allmennlegar i næringsdrift ved kontoret, støtta av to legesekretærar. Det er planer om å auke bemanning med ein legesekretær /sjukepleiar-stilling
 
Vossamed legesenter er lokalisert sentralt på Voss i trivelege lokale i Kyrkjebøkvartalet. Det er gangavstand til apotek, legevakt, sjukehus, helsestasjon og tog/busstasjon.
 
Legekontoret nyttar Infodoc Plenario journalsystem og e-tenester frå Norsk Helsenett.
 
Overtaking snarast / etter avtale
 
Me søkjer
- Har norsk autorisasjon som lege
- Er spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering til dette
- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
 
Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein fordel. Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i heimelen.
 
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode rammar for rettleiing dersom du er LIS3
- særs gode rammevilkår som næringsdrivande fastlege (sjå over)
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Voss herad
Kontaktpersoner
Navn: Eystein Hauge
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 95261271
E-post: eystein.hauge@voss.herad.no
Navn: IRINA FROLOVAmobil
Tittel: Fastlege
Telefon: 41615070
E-post: irina_fro@yahoo.com
Navn: SURANGA WICKRAMANAYAKE
Tittel: Fastlege
Telefon: 48269160
E-post: surangawww@yahoo.com
Arbeidssted
Vossamed legesenter
Vangsgata 22
5700 VOSS
Søk på stillingen