Kort om arbeidsgiver

Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisykdommer (NAPOS) har spesialkompetanse innan diagnostikk og behandling av pasientar med porfyri, ei gruppe sjeldne,
arvelege sjukdommar.

NAPOS har som mål at personar med porfyrisjukdommar skal bli diagnostiserte, behandla og følgde opp på ein optimal måte og i samsvar med eigne behov. Breidda av symptom, komplikasjonar og følgetilstandar gjer at pasientar med porfyrisjukdom har behov for oppfølging frå ulike medisinske spesialitetar gjennom livet.

NAPOS driv diagnostisk rådgjeving, held undervising og arrangerer kurs og andre læringsaktivitetar, og vi rettleiar helsepersonell og pasientar over heile landet knytt til utgreiing, behandling og oppfølging. Vi utarbeider og publiserer også behandlings- og oppfølgingsretningslinjer for dei ulike sjukdommane, og overvakar om desse vert følgde gjennom det nasjonale, medisinske kvalitetsregisteret Norsk porfyriregister. I tillegg driv vi utstrekt forsking og utvikling, er medlem i fleire europeiske ekspertnettverk og arbeidsgrupper og har eit stort internasjonalt nettverk.

NAPOS er tverrfagleg, og har om lag 12 årsverk, mellom anna lege, farmasøyt, genetisk rettleiar og sjukepleiar. Vi høyrer til Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi ved Haukeland universitetssjukehus og er lokalisert i Laboratoriebygget på Haukeland universitetssjukehus. NAPOS er ein del av Nasjonal kompetansetjeneste for sjeldne diagnoser (NKSD) ved Oslo universitetssykehus. For meir informasjon om NAPOS; sjå napos.no

Det er ledig ei 50 -100 % fast overlegestilling knytt til NAPOS. Stillinga er ikkje tillagt vakt- eller helgearbeid. Startdato etter nærare avtale. 

Arbeidsoppgåver

  • Gje råd til helsepersonell og pasientar knytt til utgreiing, behandling og oppfølging av porfyrisjukdommar
  • Delta i tverrfaglege team
  • Utarbeide faglege retningslinjer, undervise helsepersonell og pasientar og bidra i utvikling av informasjonsmateriell, e-læringskurs m.m
  • Greie ut behovet for og eventuelt etablere eit klinisk tilbod for pasientar med behov for spesiell oppfølging
  • Drive forsking og bidra i nasjonale og internasjonale forskings- og utviklingsprosjekt og kliniske studiar
  • Delta i nasjonale og internasjonale nettverk knytt til porfyrisjukdom og andre sjeldne diagnosar
  • Bidra i aktivitetar knytt til Norsk porfyriregister og aktuelle kvalitetsforbetringsprosjekt

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen
  • Klinisk erfaring/spesialitet, til dømes indremedisin, fordøyelsessjukdommar, blodsjukdommar, endokrinologi, dermatologi, nevrologi, medisinsk genetikk, pediatri eller anna relevant spesialitet
  • Forskingskompetanse vil bli vektlagd
  • Evne til å uttrykke seg klart skriftleg og munnleg på norsk og engelsk og ha god formidlingsevne

Personlege eigenskapar

  • Gode relasjons- og samarbeidsevner
  • Trivast med å arbeide både sjølvstendig og tverrfagleg
  • Evne til å arbeide strukturert, nøyaktig, målretta og med god gjennomføringsevne er viktig

Vi tilbyr

  • Eit svært godt arbeidsmiljø
  • Tverrfagleg samarbeid og engasjerte kollegaer
  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Fleksible arbeidsforhold
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving og forsking

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Aasne Karine Aarsand
Tittel: Overlege/leiar NAPOS
Telefon: 55973170
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Laboratorieklinikken/ Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisykdommer (NAPOS), Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen