Kort om arbeidsgiver
Volda kommune er helsekommune med godt utbygt kommunehelseteneste og sjukehus i Volda sentrum. Vi samarbeider med andre kommunar på helseområdet og er vertskommune for interkommunal legevakt. Søkjer du som kommuneoverlege hos oss får du gode vilkår og får ta del i eit fagleg utviklingsmiljø. Kommuneoverlegen er kommunen sin medisinskfaglege rådgjevar. Du får ansvar for samfunnsmedisinske oppgåver, administrative oppgåver knytt m.a. til økonomi- og personalansvar og fagansvar for all legeteneste i kommunen. Organisatorisk er stillinga plassert i sektor Helse og omsorg. Kommunalsjef i Helse og omsorg vil vere næraste overordna. Kommunen er open for å diskutere alternativ organisering for det samla oppdraget, inkludert også stillingsstorleik. Om alle oppgåver skal ligge på ein person, eller om oppgåvene skal fordelast på fleire, er vi positive til å diskutere med deg. Vi er opne for ulike modellar til det samla oppdraget, der det å kombinere dette oppimot andre legeoppdrag i kommunen kan vere ein aktuell modell. Vi ynskjer dialog med DEG. Kommunen vil strekke seg langt for å tilrettelegge og tilpasse stilling(ar) for å sikre rekruttering til dette viktige oppdraget.
Arbeidsoppgåver
- Medisinskfagleg rådgjeving overfor den kommunale organisasjon
- Fagleg ansvar for miljøretta helsevern, smittevern og helseberedskap
- Myndigheitsoppgåver etter Lov om psykisk helsevern
- Ivaretaking av andre oppgåver som i lovgjevinga er særskilt tillagt kommuneoverlegen
- Samfunnsmedisinsk rådgjeving i kommunen sitt folkehelsearbeid og i kommunen sin plan- og samfunnsutvikling
- Delansvar i planarbeidet retta mot kommunale helsetenester
- Bidra i helsefellesskapet med spesialisthelsetenesta og andre kommunale helsetenester
- Fagansvar, økonomisk og administrativt ansvar for fastlegeordninga og oppfølging av fastlegar i kommunen. Kommuneoverlegen har tre seksjonsleiarar under seg som er delegert personal- og driftsansvar.
- Overordna ansvar for kommunen sine oppgåver i ny spesialistutdanning
- Overordna ansvar for interkommunal legevakt, Volda er vertskommune for denne
- Sakshandsaming av politiske saker på fagfeltet
- Deltaking i kommunen si kriseleiing
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon
- Relevant erfaring
- Spesialistutdanning i samfunnsmedisin vert vektlagt
- Førarkort klasse B
- God førestellingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Interesse og engasjement for samfunnsmedisin
- Gode kommunikasjonsevner
- Analytisk og evne til å tenke heilskapleg
- Handlekraftig og trivast i ein kvardag med varierte oppgåver
- Gode samarbeidseigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert
- Utviklingsorientert og innovativ
Vi tilbyr
- Det er viktig for kommunen å gi signal om at vi vil strekke oss langt for å finne ei løysing som kan friste DEG. Kommunen er positiv til å vurdere fleire personar inn i eit samarbeid som samla skal dekke ansvarsområdet.
- Spennande utviklingsoppgåver i eit godt og tverrfagleg fagmiljø. Så langt det er råd vil vi tilby fagleg rettleiing
- Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- Løn vert vi samde om
- Tilrettelegging for spesialisering i samfunns medisin
- Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP