Kort om arbeidsgiver

Ortopedisk avdeling i Helse Førde har ledig fast LIS3 stilling.

Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Førde, Sunnfjord kommune. Ein har gode kommunikasjonsmoglegheiter både til Oslo og Bergen, både med fly og buss. Om du likar shopping, trening på treningsssenter, forskjellige idrettar eller turar i skog og fjell, så er dette fasilitetar du har lett tilgjengeleg like i nærleiken. Les meir om Sunnfjord kommune og kva vi kan tilby deg i regionen vår. 

Det er god breidde i det ortopediske tilbodet i Helse Førde, med fast tilsette overlegar innan alle fagfelta. Avdelinga har aktivitet ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Eid. 
Fast arbeidsstad for LIS3 er Førde sentralsjukehus.

Ved Lærdal sjukehus føregår det i all hovudsak elektiv ortopedi. På Nordfjord sjukehus har vi dagkirurgi og skadepoliklinikk.
Førde sentralsjukehus har tilbod innan følgjande område:

  • Traumatologi
  • Handkirurgi
  • Skulderkirurgi
  • Protesekirurgi – hofte, kne, skulder
  • Fot / ankel kirurgi
  • Ryggkirurgi

Avdelinga i Førde har sju LIS3 stillingar og seks LIS1 stillingar. Vi har døgnavdeling med 31 senger i Førde og 18 senger i Lærdal. 

Les meir om Helse Førde HF.

Arbeidsoppgåver

  • Sengepostarbeid, poliklinikk og operativ aktivitet
  • Internundervisning, vegleiing av turnuslege i vakt m.m.
  • Vegleiing av - og kommunikasjon med 1. linjetenesta
  • Rettleiing av turnuslegar
  • Vaktarbeid 7-delt turnus

Kvalifikasjonar

  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell) 
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Må vere ferdig med turnusteneste og interesse for fagfeltet
  • Erfaring innan fagfeltet vert vektlagt
  • Erfaring som LIS vert vektlagt
  • Utdanningsretning: Medisin
  • Utdanningnivå: Profesjonsstudium  

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til å kommunisere og samarbeide
  • Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Pasienten i fokus
  • Fagleg engasjert
  • Strukturert i forhold til eigne arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • Løn etter overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Kari Anne Indrebø
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 918 67 566
Navn: Bernt Johan Marskar
Tittel: Utdanningskoordinerande overlege
Telefon: (+47) 411 08 094
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Ortopedisk avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde