Kort om arbeidsgiver
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge sitt tilbod består hovudsakleg i poliklinisk utgreiing og behandling av barn og unge med psykiske vanskar. I tillegg har klinikken døgnplassar for akutte og planlagde innleggingar. Tenesta er basert på kunnskapsbasert praksis innanfor den biopsykososiale forståelsesmodell. Klinikken har god bemanning innanfor dei aktuelle yrkesgrupper og spesialitetane.

Klinikken har ledig faste stillingar for overlege.

Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram merknadsfri politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar i alderen 0 - 18 år og familien deira
  • Deltaking i tverrfagleg teamarbeid
  • Deltaking i klinikkens vaktordning
  • Gi rettleiing og undervising
  • Samhandle med andre klinikkar og kommunar, inkludert barnevernet

Kvalifikasjonar

  • Godkjend spesialist i barne- og ungdomspsykiatri
  • Relevant klinisk erfaring er ønskjeleg
  • Søkjar må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og trivast i eit aktivt og tverrfagleg miljø
  • Du må vere ein god teamarbeidar og vere samarbeidsvillig
  • Du må bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Bente Monstad
Tittel: ass.klinikkdirektør
Telefon: 55 97 44 51
Navn: Ingvar Bjelland
Tittel: klinikkoverlege
Telefon: 55 97 44 98
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, Helse Bergen
Haukelandsbakken 11
5009 Bergen