Kort om arbeidsgiver

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) i Stavanger dekkar ein barnepopulasjon på omlag 88.000 born i alder 0-18 år. Avdelinga består av seksjon barn og ungdom 3E4D, seksjon nyføddintensiv 3D og seksjon barne- og ungdomspoliklinikken. Sengepost barn og ungdom utgreier og behandlar pasientar med alle typar pediatriske problemstillingar. Nyfødtintensiv mottar nyfødde med behov for intensivbehandling frå heile Rogaland. Barne- og ungdomspoliklinikken utfører omlag 18.000 konsultasjonar per år, innan alle pediatriske fagfelt. LIS i pediatri får dekka alle læringsmål i løpet av tenesta ved avdelinga. 

Der er omlag 2200 innleggingar per år korav omlag 1630 ved sengepost barn/ungdom. Sjukehuset har ca 4200 fødslar årleg.

BUK underviser medisinerstudentar frå Universitetet i Bergen og Semmelweis Universitet i Budapest. Fleire av legane ved avdelinga driver aktiv forsking. 

Pga. permisjonar lyser vi ut to overlegevikariat. Det må framgå av søknaden kva vikariat ein søker på. Ved intern tilsetjing kan det oppstå andre ledige vikariat.

  • Vikariat nr 1: 01.09.22 - 31.08.22.
  • Vikariat nr 2: 01.11.22 - 31.08.22 (moglegheit for forlenging). 

Attestar, vitnemål og eventuell annan relevant dokumentasjon må vedleggast søknaden. 

Arbeidsoppgaver

  • Arbeidsoppgåver vil omfatta arbeid ved sengepost, poliklinikk og vaktarbeid. 
  • Vaktplanen er p.t. rullerande og 14-delt. 
  • Legen deltar i avdelinga sitt undervisningsprogram, i supervisjon og rettleiing av legar i spesialisering, i studentundervisning samt i relevant faggruppe.

Kvalifikasjoner

  • Vi søker primært etter spesialist i pediatri. LIS med kort tid igjen til spesialitet kan også vurderast for stillinga. Resterande tenestetid og etterspurt kompetanse må i så fall oppgjevast i søknaden.
  • Vi søker etter kandidatar med kompetanse og erfaring i pediatrisk hematoonkologi, endokrinologi/diabetesbehandling eller gastroenterologi.
  • Søkar må ha norsk autorisasjon.
  • Søkar må beherska norsk skriftleg og munnleg svært godt. Søkarar med anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må min. ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i foretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå.
  • Det vil bli krevd politiattest av den som blir tilsett, jfr. Helsepersonelloven §20a.

Personlige egenskaper

  • God fagleg vurderingsevne.
  • Evne til å jobba sjølvstendig og i team. 
  • Evne til å jobba systematisk og effektivt. 
  • At søkar er påliteleg, fleksibel og løysingsorientert. 
  • Evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet, både fagleg og kollegialt
  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon med pasienter og kolleger.

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg nivå.
  • Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst.
  • God pensjons- og forsikringsordning.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderende arbeidsliv(IA)-bedrift.
  • Gode velferdsordningar som turgruppe og bedriftidrettslag.

Mangfoldserklæring
Foretaksgruppen i Helse Vest ønsker å gjenspeile mangfoldet i befolkningen i vår rekruttering. Vi oppfordrer alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillinger uansett kjønn, alder, funksjonshemming og flerkulturell bakgrunn. Det samme gjelder dersom man har hatt et lengre opphold fra arbeidslivet. Foretaksgruppen Helse Vest ønsker å legge til rette for et inkluderende rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Stavanger HF
Kontaktperson
Navn: Ann Marit Gilje
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 51 51 34 79
Arbeidssted
Kvinne- og barneklinikken / avdeling barne- og ungdomsklinikk, Helse Stavanger HF
Gerd Ragna Bloch Thorsens gate
4019 Stavanger
Mer om arbeidsgiver

Ønsker du å gjøre en forskjell på et av landets største sykehus? Stavanger universitetssjukehus tren...

Besøk arbeidsgivers profilside
teaser image