Vil du bli vår nye psykiater?

Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn og har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost, vaksenhabilitering og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har 18 faste legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust.

Mars 2021 har vi flytta inn i nybygg ved sentralsjukehuset i Førde, med 4 sengepostar, poliklinikk og Førde BUP. Rus døgn vil fortsatt vere på Tronvik.
LIS3 som har under 1 år igjen til å bli psykiater kan også bli vurdert for stilling som
overlege. 

Avdelinga har fleire spennande prosjekt innan forsking og utvikling. NORSE tilbakemeldingsystem er utvikla ved vår avdeling.

Arbeidsoppgåver

  • Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar
  • Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga
  • Delta i vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar
  • Ein må pårekne å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har
  • Rettleiing/opplæring til legar i spesialisering og anna helsepersonell
  • Samarbeid internt og med eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Du må ha norsk autorisasjon som psykiater
  • Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Du må ha førerkort i klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Sigmund Bjørhovde
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 578 39 470
Navn: Svein Ove Alisøy
Tittel: Avdelingsjef
Telefon: (+47) 918 16 510
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Psykiatrisk klinikk, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen