Kort om arbeidsgiver

Vi har ledig vikariat for lege i spesialisering i psykiatri ved Molde sjukehus i perioden 01.09.2022 - 31.08.2023.

Molde sjukehus har 8 ulike seksjonar som saman dekker alle obligatoriske område av spesialistutdanninga
i psykiatri.
For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane slik at LIS3 får gjennomført heile
spesialistutdanninga i Molde. Der er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk
rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. 
Det er ei felles primærvaktording for LIS1 og LIS3 lokalisert som for LIS3 vil vere ca 16-delt.

Ledig stilling inngår i rotasjonsordning.
Oppstart er i utgangspunktet ved Akutt psykisk helse Hjelset, men ved intern rotasjon vil også andre
seksjonar vere aktuelle. 

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf,
seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire
daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire
spennande kaféar og spisestadar.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon, må leggast
ved søknad på stilling som lege i spesialisering.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Kommuniserer godt både internt og eksternt
  • Stor evne til å arbeide tverrfagleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Ei god spesialistutdanning i psykiatri!
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg
  • Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Geir Magne Nødtvedt
Tittel: Overlege psykiatri
Telefon: 907 00 202
E-post: Geir.Magne.Nodtvedt@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Akutt psykisk helse Hjelset, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 1
6450 Hjelset
Søk på stillingen