Kort om arbeidsgiver

DPS Kristiansund poliklinikk har ledig vikariat for lege i spesialisering i psykiatri i perioden 15.08.2022-14.08.2023.

For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane i Kristiansund og Molde slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga lokalt. Der er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. 

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon, må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering. 

Arbeidsoppgåver

  • LIS3 i poliklinikk jobbar i tverrfagleg team med ei rekke ulike oppgåver knytta til behandling av dei fleste hovedgrupper av psykiske lidingar. LIS3 gjer i samarbeid med psykiater vurderingar knytta til medisinske problemstillingar og medikamentell behandling som ein del av jobben

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Kommuniserer godt både internt og eksternt
  • Stor evne til å arbeide tverrfagleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

    Ei god spesialistutdanning i psykiatri!
    Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg
    Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs
    Sterkt tverrfagleg samarbeid
    Ein inkluderande arbeidsplass
    Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Geir Magne Nødtvedt
Tittel: Overlege psykiatri
Telefon: 907 00 202
E-post: Geir.Magne.Nodtvedt@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Hagan 9
6516 Kristiansund